Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HAMSTOLI 155
ut i myrkre .. tuvor vart livande, og liktest troll og
ville dyr, som sat og sigta paa henne, og utan ho
vilde det elder visste um det, sette ho ut ein haas,
stygg skrik.
Ho vakna, daa ho høyrde sitt eige maal; men so
med det same skar det ein forskræmeleg ljod gjenom
natti, — aldri hadde ho høyrt noko so stygt i sit
liv. Det kom som or avgrunnen. Ho sette til
sprangs, ho skreik som eit villt dyr, naar det er
saara til dauden.
Der framme i svingen totte ho laag noko svart
++. um det no var mannen som hadde køyrt seg
i hel, av di ho hadde skrike . ..
Ho sprang ut i fonni og vilde gjera ein lang
krok . . . aldri for nokon pris torde ho sjaa etter
kva det var. Men so høyrde ho som einkvar stynja;
ho laut venda seg, og saag no ein mann reiste seg,
stupte so yverende i snjoen og skreik ut ein forfær-
deleg eid, so det gruste henne gjenom merg og bein.
Jau, det var mannen hennar ... eit stykke ne-
danfor laag sleden. Hesten hadde floge ut, og Nils
hadde vel drive mot ein stabbestein og skamslege
seg. —
Ho gjekk burt aat honom. Han laag med ho-
vude ned i snjoen. Ho tok i honom; han lea seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>