Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
156 VETLE VISLIE
ikkje So drog ho honom inn paa vegen, og gaadde
no at han hade eit stygt saar i panna.
— Nils! Nils! — Aa Gud bære og trøste henne,
kva skulde ho gjera? Ikkje torde ho gaa fra honom,
og ikkje torde ho vera der!
Men han hadde vore eit stygt menneskje ..
ho vart kald, og tankarne vart klaare, i det at ho
gjekk heimyver.
Dersom ho no fortalde kva ho hadde set, vilde
dei spyrja henne ut og alt koma for dagen, baade
korleis ho hadde lurt seg etter honom, og kvar han
hadde vore, og at ho hadde skræmt hesten hans.
Nei, det kvitta henne eitt; han kunde liggja der
til morgoen.
Daa ho kom heim, var det ikkje eit liv aa sjaa.
Ho totte ho høyrde eitkvart burt med stallskaalen, og
kom til aa tenkja paa, at det maatte vera »Blakka»
som hadde søkt heim; men det kvitta henne eitt,
korleis det gjekk med alt saman no; ho var fri, fri!
Ho stiltra seg inn i stova, inn paa rome sit,
klædde av seg og la seg.
Ho var so trøytt, at ho mest ikkje visste til seg;
men blode hamra henne i hovude, og tankarne
urde ville ikring som maur i tuva, og krinsa um
mannen, som laag der uppe i vegen. Seg at han
berre hadde uvita, so kunde han kanskje bergast
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>