- Project Runeberg -  Forteljingar /
159

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI Å 159

i draum tok ho pargase sit, gjekk til det fyrste
hotelle og la seg. Ingen tala til henne, ingen gav
gaum etter henne.

Ho hadde skrive til faren og bede honom møta
seg med hest; men breve hadde vorte liggjande paa
posthuse, so foreldri ingen ting visste um. Ikkje
hadde ho so mange pengar, at ho kunde leiga skjuss
dei tri milerne helder, og so sette ho att pargase
sit og tok paa aa gaa.

Ho laut inn fleire stader og kvila; men kvart
spursmaal stakk henne, kvart augnekast saara.
det var som folk trudde, at det maatte hanga gale
ihop med henne, sidan ho kom soleis, ho som var
av so gode folk og so godt gift.

Ho gjekk og gjekk, til ho totte ho kunde stupa.
Vegen var ikkje uppkøyrd, og snjoen blaut og tung.

Daa ho kom heim ut paa natti, var ho so ut-
mødd, at ho mest ikkje kunde tala. Ho visste ikkje
rett um ho var til meir, elder det berre var ein stygg,
stygg draum alt saman. Ho visste kje meir korleis
ho var komi inn gjenom døri, elder kva ho hadde
sagt med det same ho kom inn ... ho seig ned paa
ein stol og gret.

Ho høyrde dei rødde, ho saag dei tendra ljos,
og ho kunde skyna, at mori sa: «Men Gud trøste og
bære os, koss er det du kjem heim att, baan?».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free