Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
160 VETLE VISLIE
Ho saag faren der han laag burti sengi, graa
og skrinn, og saag paa henne og gav henne dei
strenge augnedrag ho kjende so godt. Ho fortalde, at
mannen hennar var daaen, og so seig ho ned fram-
fyre mori: «Tak mot meg att, mor, eg vil vera her
.. ikkje der nede hjaa framande . .. aldri hev eg
havt ei sæl stund, sidan eg flutte hemanfraa.»
— Det kan me røa um sidan, baan . .. no lyt
du faa deg mat og leggja deg.
— Eg treng ingen ting no. Men eg maa vera
her hjaa dykk ... love meg det, far og mor!
— Me vert snart sjølv heimlause no, sa faren;
men so lenge me raar her, skal du faa vera.
— Aa Gud signe dykk, far og mor!
Mori hadde gjort varme paa gruva og sett kaffi-
kjelen yver. Ho gjekk ut i nystova etter mat, sette
fram den beste som var i huse, og vekkte tenest-
gjenta, at ho laut upp og leggja i omnen i gjeste-
rome.
Men det var ikkje soleis heime no som det hadde
vore fyrr. Garden var pantsett i banken for fleire
tusund krunor, og daa faren ikkje hadde greitt
rentor og avdrag paa lenge, ottast dei auksjon kvar
dagen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>