- Project Runeberg -  Martin Luther /
17

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 17 -

er ikkje Gud som er vond paa deg, men det er du
som er vond paa han.

Og det kjende Luther var visst og sant: han var
rædd for Gud og vond paa Gud, — kven veit um
han ikkje var „fyre-etla til fortjoning"? Det var
daa so det stod i bibelen: hev ikkje krus-makaren
vald yver leiret, so han av same deigi kann laga
eitt kjerald til æra, eit anna til vanæra — ?

Den som gjorde mest for aa lysa upp i myrkret
hans var augustinar-generalen Johan Staupitz, ein
god mann med bibel-kunnskap, varmt hjartelag og
djup kultur. Han viste Luther til Frelsaren sjølv,
den krossfeste Kristus, som døydde for all verdsens
synd. Naar Luther klaga si syndenaud, kunde
Staupitz svara: „Ja — vil du berre vera ein maala
syndar og ha ein maala frelsar —! tru meg: det er
ikkje skugge-spel og leik at Gud hev gjeve sin son
i dauden for oss —." Eller han kunde trøysta han
med dei ordi: „Du skal sjaa, bror! at Gud vil
bruka deg til noko stort; men han lyt karta dei
høge trei —."

Staupitz vilde ha Luther til teologisk professor,
og fekk han difor til aa leggja i veg med grundigt
studium serleg av nominalistisk teologi. Forutan
Occam og Biel las han mykje av dei franske
nomi-nalistane Gerson og d’Ailli. Teologane i
millom-alderen heldt fram at menneskja kann det ho vil.
Naar no Luther ikkje kunde vinna yver sjølvhugen
inni seg, — so maatte det vanta han paa vilje.
Jamvel Bernhard av Clairvaux gav han laak trøyst:
ved gudlege øvingar skulde ein vinna fram til Gud,
faa kjærleik til han, og hat til syndi. Det var det
me kallar „sjølv-suggestion" det galdt um for
menneskja (aa tvinga sjæli upp til Gud).

Og verst var det at alt stod paa Guds
sjølv-tykkje, med andre ord: paa slump. Etter sjølvtykkje

Martin Luther. 2

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free