- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
81

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

83

Høgrefolk på Vangen såg surt til dei tvo vinstre-mennene,
Lars Uppigard og Per Nedigard, som dei kalla dei. Men
lenge vil minnet leva um det arbeidet dei tvo gjorde på
Voss, varme norskdomsfolk, og varme høgskulevener
som dei var.

På prestegarden råka eg statsminister Steen, som levde
sine siste dagar hjå dotter si. Varm godhug fekk eg for
Steen, for hans noble karakter: han tolde ikkje dei snakka
vondt um nokon, ikkje ein gong um dei sjoflaste
motmennene hans. Etter han laut slutta å gå i kyrkja, las han
preiker kvar sundag; serleg glad var han i Gustav Jensen:
jeg vet ingen som så greit sier hvorfor og hvorledes!
Kyrkjemann hadde han vore heile sitt liv. «De må si til
Deres mann han må gå i kirke,» den helsingi sende han
til ein politikar.

Det var ei vyrdeleg gravferd han fekk, fyrst frå
Vosse-kyrkja, so i Bergen, og so heile dampskipsvegen rundt
Lindesnes. I alle byane ringde kyrkjeklokkene, og
folke-massane møtte upp. Heile det norske folk kappast no
um å visa sin høgvyrdnad mot hovdingen frå
unions-striden, han som meir enn nokon annan hadde brøytt
veg for 1905.

At han fekk åreforkalking og døydde lenge fyrr
kroppen hans var utsiiten, heng vel i hop med den harde
påkjenningi i mange år? Han var rak og sprek elles:
ein halv time fyrr han slokna, reis han upp og gjekk raskt
yver golvet medan dei reidde sengi. Men heilen var sliten,
endå han var håttig til det siste og fylgde vaken med i alt.

Bjørnsons «Nyårsrim til rektor Steen» er verdt å lesa.
Tjuge år fiå 1886 til 1906 gjekk fyrr ordi var uppfyllte
på Steen: «Snart kan Norge samle alle krenkede navn i

sin moderfavn, under glorien av sin opstandelse.»

*



6 — Anker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free