- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
117

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ii7

seg på preikestolen; han vilde setja um frå dansk på
preikestolen!

Det synte seg her som alltid: eit bygdemål treng
dyrking når det skal nyttast på ein talarstol. Han vart
endå til motmann av nynorsken. Han skipa ein u-norsk
millomskule der i fjellbygdi.

Men no skal de høyra: til sist vart han sokneprest i ei
austlands-bygd. Der vart han ein ihuga målstrevar!

Ein praktisk mann var han. I Finnmark bygde han
koiar åt barneflokken sin, den eine koia yver den andre!
eg såg dei då eg vitja prestegarden hans der nord. Då han
flutte frå Finnmark, reiste han på tridje plass med huslyd
og tenarar og husdyr. Han mjølka kyrne og seide til
restauratøren um bord; sameleis seide han egg som hønsi
varp på turen. Heile flyttinga kosta berre hundrad kroner
frå Nordkapp og rundt Lindesnes til Oslo.

Han hadde mange born, og var byrg av barneflokken
Og det kunde han vel.

Ein kveld eg heldt foredrag i bygdi hans, kom tvo
kvinner og sette seg framfyre kona mi. Ho gjorde det til
at den gamle var prestefrua og den unge eldste dotter
hennar ? Men då me dagen etter kom på visitt til
prestegarden, viste det seg at den unge var prestefrua — og ho
hadde havt 16 born! den gamle var skrivarfrua.

Same presten var sjølvsagt gardbrukar meir enn i
namnet: han dreiv prestegarden sjølv, og arbeidde som
ein annan bonde. Han kunde godt fenge
fortenest-medalja.

*



Peter Hognestad var so gild å halda fram med å preika
i Slottskapellet ein sundag i kvar månad. Soleis fall berre
ein sundag i månaden på meg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free