- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
143

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ungdomslaget ein kveld, so hadde han kanhenda skyna
skilnaden!

#

«Det norske teatret» vann vyrdnad meir og meir.
Soleis som dei bonde-fødde skodespelarane tolka
meister-stykke av Shakespeare, av Moliére, av Holberg, laut
kritikarane sanna at her var full-gild kunst.

At gymnasiastane fyrste året heldt pipe-konsert i
«Det norske teatret» ein kveld, er ei æra som timest alle
livs-kraftige tiltak. «Ut med danskane!» ropa Gjelsvik
til dei.

Det gjekk trått med å få laglegt hus til teatret. So
mykje meir ros er dei verde dei som greidde so godt
spel i skrøpelege lokale.

«Bøndernes hus» vart reist. Det skulde heitt
«Bonde-heimen». Men det var so mange kaksar som tok lut i
bygget, at fleirtalet av aksjonærar valde det unorske
namnet. Huset er likevel eit vitnemål um den vyrdnaden
bondeungdomen og Bondeungdomslaget i Oslo vann
fram til.

No hev Bondeungdomslaget fenge mange bom i
hovudstaden, og i andre by ar: bygdelag, heilt frå
Finnmarkslag, Håløygjalag og Trønderlag, til Romeriks-lag
og Austfold-lag. Dei hev songkor, og dei møtest der både
byfolk og bønder.

No ser det ut til at «Bøndernes hus» skal føda av seg
«Norges hus» med rom åt kvart bygdelag, med heimleg
svip og heilnorsk bunad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free