- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
145

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Bang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

145

Noregs kyrkjesoga granska Bang grundig.

Han var ein av dei som uppdaga at gudelæra i den
gamle Edda var på-verka av kristendomen, serleg
Balder-segni um den gode guden som laut døy. Han fortel sjølv
at han sa til kona si: anten er eg galen, eller so hev eg gjort
eit stort funn!

Han tok doktorgraden på ei bok um «Jesu opstandelses
historiske virkelighed». Ved doktor-disputasen mistydde
han professor Fr. Petersen, som var ein av opponentane.
Petersen gjorde ein formell merknad ved doktorandens
argumentasjon. Bang tok det for tvil um sjølve faktum.
Endå til i sine «Erindringer» seg jer han det. Som vel var,
levde folk som kunde retta mistydingi.

Mine fyrste studie-år hausta nytte av Bangs
fyrelesin-gar. Han tok til med «Det nye testamentes
litteraturhistorie», ved sida av norsk kyrkjesoga. Han var frisk og djerv,
hadde ei fin folkeleg form både i foredragi og i bøkene
sine.

Då han var lærår i kateketikk, fekk han pålegg um å
skriva ei ny katekismeuttyding i staden for H. U.
Sverdrups utgåva av Pontoppidan. Dei mange utkast som såg
dagsens ljos, vann ikkje fram. Bang fekk fri frå
Universitetet eit heilt år for den sak skuld. Han sat på kontoret
sitt med ein haug av katekisme-uttydingar, norske, svenske,
danske, tyske. «De duer nå ikke stort noen av dem,»
sa han då eg var upp-um hjå han. Han fekk borni sine
inn når han hadde laga eit svar, og prøvde det på deim,
um dei lett kunde læra dei. Boki hans vart godkjend.
Me hadde henne til rettleiding til praktikum. Men tvo
andre hev fenge større rom i den norske skulen: Thv.

Klaveness og Jakob Sverdrup.

• *

10 — Anker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free