- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
166

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166

du vil vel på handelsskule du? «Og so få kontorpost i
byen?» spurde ho, «nei takk!» Ho gav seg heime med
gards-arbeidet. Ho fekk sakte bruk for rekne-kunsten
sin der. Eg prenta det inn i elevane mine: dei laut halda
nog-grann rekneskap med drifti på ein gard, so dei kunde
sjå kva som svara seg, og kva som ikkje svara seg!

Ei onnor gjenta var hæv til å stila. Ho kunde gjerne
vorte journalist. Eg spurde då me skildest: kva er du
tenkt å gjeva deg av med? «Eg hev teke budeiepost på
ein gard,» svara ho, «dei hev kje bruk for meg heime.»
I den posten stogga ho tri år, so vart ho gardmanns-kona
i ei onnor bygd.

#

Dei som kritisera meg, hefte seg ved at eg var ikkje
kropps-arbeidar sjølv. Dei kunde speande fortelja um
skyssguten som sa til den nærsynte prosten då han peika
på ein veg-stolpe: det er ein prest! slik ein som viser
andre vegen og ikkje gjeng han sjølv!!

Men eg laut då få lov å peika for andre når eg hadde
fenge augo upp?

*



Til 1914 sette eg fram ein tanke som eg meinte skulde
gjera mun. Ideen fekk eg på ferdene mine:

Riksstyret skulde nyårs-bel 1914 senda ut upprop
til alle nordmenn um å gjera jubileums-året til eit spare-dr.
I kvar handelsbud i heile landet skulde folk få henta
sparebøker og kjøpa sparemerke til å klistra inn, liksom
frimerke. Når ein hadde spart seg upp 100 kr., kunde ein
få ein statsobligasjon hjå lensmannen eller i ein bank.

Det skulde vera ei ære-sak for kvar nordmann å få
seg minst ein stats-obligasjon.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free