- Project Runeberg -  Barndomsminne /
44

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sin på dei vilkår at dei skulde bli folkepark, og
so vart det.

Og Strandgata er, eller rettare var ein
"Strandpromenade", som tusund byar kunde ovunde
Hamar. At jarnvegen fekk lov å øydeleggje denne
herlege gata er synd og skam. Kvar sjøby i verdi
vilde gje store pengar for å eige slik ei
vedunderleg strandline.

Men på Diesen ved den vakre Akersvika lika
den heimkjære sjøgasten seg. Anne var greid og
stokk ikkje attende for ein skjemt. Og der var
store stovor og fritt utsyn.

Snart vart det heller ingen veg eg gjekk oftare
enn Diesenvegen. Herlege dagar var det, når me
lauga oss millom tømmerflåtane nedi Akersvika,
eller låg nedi hougane og plukka jordber og let
solreven ta oss. Det største eventyre var likevel
bleikjevollen nedanfyre hagen, der den kvite
lereftsveven låg i lange rader og skulde bli kvit.
Dei svale sumarskveldane gjekk me der og sprøyta
vatn utyvi linveven og midt på vollen var ei liti
hytte, der ei gjente låg vakt um natti. "Hytta"
var berre ei yvibygd halm-bosu med ein lett
skinnfeld til yvibreidsle. Stormoro var det å
lig-gje der ei stund og drøyme um "Urdra" (Huldra)
som nok heldt til nedi hougane der.

Og so drengjestugu! Der var dans og spel og
moro stødt, når dagens arbeid var undagjort og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free