- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
75

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75

gjorde biletet heilt ferdig berre etter minnet. Han tykte
han såg mannen sitjande framfyre seg på stolen, såg han
like tydeleg som um han verkeleg hadde site der. Og
av den grunn kunde han likna biletet og modellen saman
under arbeidet. — Og bileta skulde vera »veltrefte«, det
vanta nok ikkje det. — Soleis skal og sume landskaps*
målarar kunna arbeida. Dei går heim i atelieet sitt og
målar eit landskap dei har set ei tid fyrr. Og lel målar
dei heilt natursant.

Um den merkelege reknemeisteren Diamandi skriv
Binet: Eit kvadrat vart utskrive med tal soleis at det kom
til å stå 16 horisontale og 16 vertikale rekkjer. Diamandi
lærde ein dag dei horisontale rekkjene. Og det tok ikkje
lang tid. Dagen etter bad Binet han segja fram dei verti*
kale rekkjene (utan å ha set talkvadratet att). Og det
greidde Diamandi like lett som han greidde dei horison*
tale. Han »såg« talrekkjene for seg. — Meumann fortel
at ei lærarinne i Hamburg nemnde bokstavane i lange ord,
t. d. »unterschiedungsempfindlichkeit«, like lett attover som
framover. — Sjakkspelarevna ligg for ein stor part i det
å sjå fyre seg brettet med alle tenkjelege umstellingar
av brikkene. Sume sjakkspelarar skal spela med attlatne
augo, eller dei vender andletet burt frå brettet. Høyrer
dei berre kva motparten gjer, so segjer dei frå kva flytting
eller »mottrekk« som skal gjerast. På den måten spelar
dei gjerne fleire spel samstundes. — Mange menneske har
lite nytte av å høyra eit namn; dei hugsar det ikkje med
det. Dei må sjå det skrive.

Um typiske akustikarar vert det fortalt like merkelege
soger. Kjent er det at Mozart i 14*årsalderen høyrde eit
musikkstykke spelt to gonger i det Sikstinske Kapell, og
gjekk so heimatt og skreiv upp heile stykket. Det finst
kunstnarar som berre treng um å ha høyrt eit orkester
spela eit stykke, so kann dei spela det på piano. — Ymse
musikarar umset med ein gong notane i tonar når dei
ser eit musikkstykke skrive. Dei høyrer, segjer dei, ikkje
berre akkordane, men og klangfargen som dei ymse instru*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free