- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
90

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90

ein kann då sjå kor mykje lettare eller vanskelegare
fyrestellings*framkallinga feil for barnet i dei ymse tilfelle.

Det syner seg at den bundne reproduksjon alltid tek
lengre tid enn den frie. Stuttast tid tek framkalling ved
likskap i ordklang : hund — stund. So kjem i rekkjefylgje :

1. fyrestellingar frå same sansingsumkvervet (kvit—grøn),

2. fyrestelling um ein del av eit heile (stol — fot), 3. frå
ein lut til det heile (rot — plante), 4 frå årsak til verk*
nad og umvendt (kulde — frysing; varme, snøbråning).
Dei reproduksjonar som har minst med tankearbeidet å
gjera, går lettast, soleis ordklangreproduksjonane. Men
dei har og oftast lite eller inkje verd for tankearbeidet.
Gjeld det å finna logisk samhøve som verknad — årsak,
so feil det etter måten sers tungt for barnet, og fram*
kallingstida vert lang. Professor Ziehen segjer, at årsaks*
reproduksjonar har han ikkje funne hjå noko barn fyre
ll*årsalderen. Dei er og sers sjeldne hjå 12*åringar og
tek i tilfelle alltid lang tid. Meumann gjorde og den
røynsla, at det er fyrst hjå 14*åringar ein finn noko
større av slike framkallingar. Det er og fyrst på den tid
borna går ut av folkeskulen, at dei tek til å få nokon
serleg givnad til logisk tenkjing.

Framkallingstida er i alle tilfelle lengre hjå born enn
hjå vaksne. Til frie reproduksjonar brukar vaksne so
kring 2A sekund, men borna brukar 1 sek. Gjeld det van*
skelege reproduksjonar som verknad — årsak, går det
umlag nAo sekund for dei vaksne ; men born brukar ofte
5—10 sekundar. Barnetanken går so seint når han skal
finna fram på slike vegar, at ein beint fram kunde tru
han hadde stogga. Men det tarv ikkje vera tilfellet, um
ventetida endå vert lang. Svaret kjem kanskje, har ein
berre tolmod til å bia på det. Og det bør ein ha.
Vituge foreldre og lærarar vil gjeva barnet god tid til å
tenkja seg um når det vert spurt um noko. For her er
ein ovstor skilnad på born og vaksne. Barnet har lenge
ikkje fått reidskapar eller evne som set det i stand til å
arbeida som dei vaksne. Langtfrå det. Det er ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free