- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
91

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

91

anten latskap eller vondskap frå barnet si side som er
årsaka i slike tilfelle. — A jaga på barnet er og ikkje
berre nyttelaust, men skadeleg. For vert barnet ottefullt,
so hender det ofte at tanken slett ikkje finn fram, um han
elles vilde ha gjort det. Barnet vert uppteke av ein heilt
ny tanke — otten for noko — og då vert det kanskje
heilt uført til arbeid. —

Jamvel um ikkje barnet vert skræmt eller ottefullt
på nokon måte, løner det seg ikkje å jaga på det til
å svara for snart. Meumann bad stundom borna han
eksperimenterte med, um å svara so snart dei berre kom
på noko. Og til andre tider bad han dei um å lata
vera å svara til dei hadde tenkt seg vel um. Han fekk
då full vissa um, at dei snøggaste svara var dei som var
mest pedagogisk verdlause. Og difor gjev han det råd,
at ein alltid må vera varsam med å skunda mykje på
barnet til å svara straks. Røynde lærarar vil visseleg
halda med han i dette.

Men er det ikkje eit godt merke dersom ho er etter
måten stutt den framkallingstida eit barn brukar, kunde
ein so spyrja. Og til det er å svara: jau, det er det. Det
tyder på at barnet er kome langt for sin alder. Men det
er sume born som veks so snart åndeleg og, på same
måten som det er sume som veks so snart kroppsleg.
Det er ikkje med det og visst at slike born veks upp til
kjemper. For det spørst og um kor lenge dei veks. Og
det er ikkje visst at den som veks snart, og veks lenge. —
Det er og det å hugsa på, at sume born som .er seine,
tek det ofte grundigt. Når ein har med slike born å
gjera, skal ein minnast at tunge vogner køyrer seint, segjer
dr. Lay. Det er god grunn for ei slik påminning.

9. Ansing eller åtgaum hjå born.

Det er ikkje mange ting me kann ha klårt i tankane
våre på same tid. Skal me få noko rett tydeleg og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free