- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
92

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

92

greitt for oss — anten det gjeld sansekjenningar eller fyre*
stellingar — so må det verta gjort eit utval. Me må
samla oss um få ting, ja kanskje berre ein ting. Og di
meir me samlar tankane um denne eine tingen, di meir
vert dei andre sansekjenningar og fyrestellingar burte for
oss. Dei liksom glid ut av tankane. Og so lenge dette
samlingstilstand varer, so er me etter måten dauve og
blinde for alt anna enn det tankane krinsar um. Dette at
me samlar tankane våre um eit visst avgrensa medvitings*
innhald, kallar me ansing eller åtgaum.

Det nyfødde barnet har ikkje stor ansing. Noko av
det sermerkte ved eit slikt barn er, at det fylgjer ikkje
med i nokon ting. Men um nokre få dagar vil ein oftast
sjå ymse merke som tyder på ein vaknande åtgaum.
Sume har lagt merke til, at jamvel eit 3—4 dagar gamalt
barn kann venda augo etter ljoset på ein slik måte, at
ein må tru det er ikkje refleksrørsler, men at det er eit
slag medvitingsarbeid ein er vitne til. Det same må ein
og tru når ein ser korleis eit 8 dagar gamalt barn lagar
til munnen når det vert lagt til morsbrystet. Ein 11
dagar gamal gut fylgde med augo ei klokke som faren let
dingla etter klokkesnora att og fram eit stykke framanfor
augo åt barnet. Då denne guten var 6 veker gamal,
slutta han ein gong å drikka mjølk då han fekk sjå
ein blank ting kring 1 meter burte.

Vanleg er det so, at fyrst etter at barnet er 3—4 veker
gamalt, tek det til å venda augo etter eit ljos som vert
flytt litegrand, dersom ljoset ikkje er over 2—3 meter
burte. Er det lenger vekke, so ansar ikkje barnet på det
endå. Endå lenger tid tek det fyrr barnet tek til å
gripa etter ein ting det ser. Fyrst i 4. eller 5. månaden
kann ein få sjå døme på det.

Det er helst synskjenningar som barnet ser ut til å
leggja merke til soleis at det liksom stoggar ved dei. Og
so høyrslekjenningar. Tvo vitskapsmenn som granska
nettupp barnet sin åtgaum m. a. dei 6 fyrste månadene,
dei kom til det, at av 163 tilfelle som dei tykte vitna um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free