- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
100

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100

lausleg på alt, og at det er so sjeldan det tek arbeidet
retteleg grundig. — No er det stor skilnad på born som
på vaksne i dette stykket. Det kann godt vera at eit 10—12
år gamalt barn kann ha lag til grannvar ansing innanfor
eit knapt umkverve. Men det er mykje sjeldnare å treffa
born enn vaksne menneske som ein kann segja har til
vane: lite, men heilt rett.

Barnet har og so lett for å retta seg meir etter kva
meining det har fått inn fyreåt, kva det venta eller vona
t. d., enn etter det som det verkeleg kunde få sansa eller
røyna um det brukte retteleg åtgaum. Og det fører atter
til at barnet kjem so ofte i skade for å lyga, endå det
kanskje ikkje vil det.

Ei vanleg røynsle er det, at barnet greier ikkje å til*
passa seg so snart til eit arbeid som eit vakse menneske.
Skal eit barn taka til med eit arbeid, so tek det etter
måten so lang tid fyrr det kjem retteleg i gang. Å kasta
seg inn i arbeidet med ein gong — jamvel um arbeidet
ikkje er vanskeleg — og å nytta ut arbeidskrafta si godt
straks, det greier barnet mykje dårlegare enn dei vaksne.
Læraren vil ofte leggja merke til at det går ei tid —
stundom ei lang tid og — fyrr sume born tek til å fylgja
godt med etter at skuletimen er byrja. Serleg er det til*
feilet um borna har leika sterkt i friminuttane. Då er
dei so uppspilte og urolege, og det går i slike tilfelle ei
lang tid fyrr dei kann avmåta seg etter dei krav som
arbeidet stiller. — No er det elles ikkje liten skilnad på
born i dette stykket. Sume kjem seg etter måten snart i
arbeid og fylgjer godt med so å segja frå det fyrste.
Men det kann godt vera at slike ikkje held so lenge ut.
Dei trøytnar fyrr timen er umme, so dei er ikkje retteleg
med i siste parten av skuletimen. — Andre har det på
ein annan måte. Dei kjem seint med; det er som dei
ikkje kunde koma i arbeidslag eller få tak på nokon
ting. Men det vert betre og betre med ansinga di lenger
det lid, so dei er mest åtgåige i siste luten av timen.

I den seinare tid har det vore gjort mange vitskaplege

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free