- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
116

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116

tydeleg um at det endå tenkjer på den måten at det går
frå den eine konkrete tingen til den andre (sjeldan eller
umlag aldri abstrakte fyrestellingar), og at det lite maktar
å setja desse ting i nokon tankesamanheng. Barnet kann
ikkje endå fylgja ein tanke so lenge at det kann knyta
ei setning til ei onnor som årsak, formål, vedgåing, saman*
likning o. s. b.

Me skynar då at her endå er eit stort arbeid å gjera
i målvegen. Barnet må få fleire fyrestellingar (serleg
vantar det abstrakte fyrestellingar), og det må læra ord
for fyrestellingane. Sjølvsagt må barnet bruka dei ord
og ordleiingsmåtar det alt har lært i heimen. Det er
arbeid nok for barnet um det ikkje skai læra nye ord
og der det alt har ord som det so å segja lever i. Det er
i dei tilfelle det ikkje har ord, at ordforrådet må verta
rikare. — Men barnet må ikkje berre få nye fyrestellingar
og nye ord. Det må og læra å knyta dei ihop so dei
kjem i den rette samanheng. Barnet må læra logisk tanke*
føring og målrett ordleiing.

Når barnet skal læra å lesa og skriva, so må det
knyta assosiasjon millom ljodbiletet og synsbiletet av eit
ord. Og skal det festa nokon tanke til det skrivne ordet,
so må det og ha vorte assosiasjon millom sakfyrestellinga
og synsbiletet. Når so barnet ser ordet »katt« t. d., so
må synsbiletet kalla fram ljodbiletet — elles kann ikkje
barnet lesa ordet — og ordet må kalla fram fyrestellinga
um det visse dyreslaget — elles vil ikkje barnet skyna
ordet. — Kor tidleg eit barn lærer å lesa, heng sjølvsagt
saman med kva det vert lært til av dei vaksne. Noko
veit me det og har å segja kva givnader barnet har, og
kor tidleg det er utvikla. Nokor serleg hjelp for ånds*
voksteren hjå barnet er det visseleg ikkje i å venja det
til bok so sers tidleg. Det er ikkje frå bøkene det er
naturleg for barnet å få fyrestellingar. Fyrr det er 6
år, bør det aldri verta plaga med lesing og bøker. Og
mange born bør helst få drygja eit år til. — Men det er
ikkje so få born som har hug å læra lesa når dei er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free