- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
195

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

195

ein slik seinvokstring veks etter måten lenge. — Ein sam*
vitsfull lærar vil visseleg kjenna seg driven til å vera
mykje varsam med å døma eit barn uført til å vera med
i normalskulen. Men det er diverre ikkje so sjeldan at
ein verkeleg får i skulen slike born som ikkje kann fylgja
med på nokor vis. Og då gjer læraren vel både mot
desse stakkarane og mot dei andre borna i klassen, um
han gjer det han kann til å få dei sende til ein få*
mingsskule.

Når det gjeld å fastsetja procenttalet for born med
uvanleg gode evner, vanlege evner og dårlege evner, so
er meiningane hjå dei ymse granskarar noko ulike. Det
er og greitt, at det er ei skynssak kor stor skilnad ein
skal finna millom tvo born fyrr ein reknar dei til kvar
sin evneklasse. Dei som vert sette i same flokken, er og
noko ulike sjølvsagt. Sume har funne at berre 4% har
givnader over det vanlege, 21% er under; 75% skulde
då ha vanlege evner.

Ein ting er alle granskarar samde um: for den ånde*
lege vokster har det mykje å segja kva samfundslag borna
veks upp i. Born frå dei fattigaste huslydane i dei euro*
peiske storbyane står gjerne fleire år tilbake for rikfolks
born. Det kjem vel ikkje av at fattigfolks born er fødde
med ringare givnader enn andre born. Det er vokster*
vilkåra som har vore so ulike og som er årsak til skil*
nåden. Givnadene må verta tekne i bruk, og ein må
ha havt øving i åndeleg arbeid skal det ha vorte ein
stor åndsvokster. — Kroppsarbeidarar som mest aldri har
noko anna arbeid enn å gjera uppatt og uppatt dei same
kroppsrørsler år ut og år inn, dei syner seg å vera
like uføre til abstrakt tenkjing som eit 12—13*års gamalt
barn. Men det vil sjølvsagt ikkje segja, at ein slik arbei*
dar skulde vera ufør til alt tankearbeid. Det slag tenkjing
som hans arbeid fører med seg, det greier han. Men
denne tenkjing går ikkje vidt. Emna er få og lite skif*
tande, og tankevegane er dei same. Difor kjem det noko
størdt og stivt og uledugt inn i det åndelege arbeidet hjå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free