- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
196

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

196

eit slikt menneske. Presten Skjeseth fortel i «Slusk» um
ein jarnvegsarbeidar som sat og spelte gitar ein sundags*
kveld i timevis. «I alle disse timer spilte han en melodi
og sang en sang op igjen og op igjen. Jeg skal vedde på
at sangeren var en mineborer, hvis arbeide hadde virket
slik på hjernen, at den kunde ikke forandre den kom*
mando den gav fingrer og tunge og stemmebånd og alt
annet av hans legeme som skuide assistere i koncerten da
han om kvelden satte sig ned for å forlyste sig selv og
sine søvnige naboer», skriv Skjeseth. — At arbeid og øving
soleis verkar attende på mennesket, er ein kjend ting, og
det er lett å verta var. Det gjeld ikkje berre einsidig
kroppsarbeid og visse kroppsarbeidarar. Det gjeld og
åndsarbeid. No kann og ymse slag åndsarbeid vera
ovleg einsidige og skiftelause. Tankane går i upptrakka
far uppatt og uppatt dagen so lang han er, og kanskje
mest aldri andre stader. Og då kann nok ein slik «ånds*
arbeidar» og verta lite skikka til åndsarbeid der det spørst
um å vera før til noko av kvart.

Den åndelege ulikskap som me kann finna hjå dei
ymse menneske når det gjeld tankearbeid, må me tenkja
oss har årsakene sine både i dei medfødde givnader og
i det arbeid som mennesket har sysla med. Det er då
so at øving kann hjelpa til at ein naturgivnad kjem for
dagen so alle vert han var. Skort på øving kann gjera
at ein slik givnad vert liggjande berre som eit fræ nede i
molda; det spirer ikkje, so det gjev inga grøde. Men øving
skaper aldri den sergivnad som barnet ikkje har fått.
Der det inkje er, kann det aldri verta noko heller.

Går ein ut frå den ulikskap som kann koma til
syne hjå dei ymse menneske når det gjeld forstands*
arbeid, intellektuelt arbeid, so kann ein skilja dei på
ymse måtar. Alle slike inndelingsmåtar har sine lyte.
Men det kann vera gagnleg lel å freista få eit oversyn.
Fleire har gjort det. Eg trur ikkje det tener til noko å
auka talet. Det oversynet som eg for min part tykkjer
går ut frå det viktugaste her er å leggja merke til, har

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0198.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free