- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
243

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

243

ein ikkje har arbeidt so sterkt. Det er ikkje so fårleg.
Mange er helseveike i pubertetsåra. Dei kann lel verta
friske og sterke når dei vert heilt utvaksne. Det ser me
so ofte vert tilfellet.

Og på same måten er det og i stor mun med dei
åndelege lyte og den åndelege ufullkomenskap hjå
dei unge. Kritikksykja t. d. kann både harma og såra.
Men me må og koma i hug at halvvokstringen skal verta
vaksen. Han skal ikkje vera umyndig alle sine dagar. Og
han må frigjera seg for formyndarskapen, skal han verta
eit sjølvstendigt og sjølvstyrt vakse menneske. Men han
har lite røynsler å byggja på, og er i mangt ufør til å
stå på eigne føter endå. Men det skynar ikkje han so
godt som dei eldre. Og difor tek han i miss både på
mål og midlar, og er utekkjeleg og ofte syrgjeleg urett*
ferdig mot dei som verkeleg både vil og kann gjeva han
gode råder. Men årsaka tarv ikkje vera vondskap lel.
Og likeins er det med so mykje av det som me eldre
tykkjer skjemmer ungdomen. Det er eit naturleg grunnlag
for alt kanskje. Og me lyt læra visdom og tolmod so me
ikkje leitar etter mogi frukt um våren og fyresumaren,
men ventar til den naturgjevne tid kjem: til vaksne*
alderen er nådd.

Ofte vil ein då ha den gleda, at ein ser at den som ein
tykte tok seg sers ille ut i framslengsåra, han har no lel
vorte eit bra menneske. Men ein kann ikkje roa seg
berre med slike tankar, endå dei visseleg har noko
grunnar for seg. Når det gjeld den åndelege vokster
hjå oss menneske, då kjem ikkje alt av seg sjølv i ei
«naturgjevi» tid. Eit menneske vert ikkje eit etisk godt,
og eit religiøst menneske, eit spaklyndt og varmhjarta, rein=
huga og offerviljugt menneske so å segja av seg sjølv.
Det må eit ålvorleg og vedhaldande arbeid til for kvar
og ein som skal nå noko fram i slik vokster. Det vil
dei visst sanna alle dei som har lært seg sjølv å kjenna
til gagns, kva slag religiøse synsmåtar dei so måtte ha.
— Me veit og det, at uppsedararbeidet er ikkje slutt med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0245.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free