- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång XV. 1928 /
47

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure. Ved Sigmund Skard, Olso

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)



NORSK BOKSAMLING GRUNNLAGD AV<br />
ANTON AURE

Ved

SIGMUND SKARD, Oslo

Då den norske boksamlaren og bibliografen Anton Aure
døydde i 1924, i sin beste manndomsalder, stod han uppe i månge
tiltak. Samlingane hans av nynorsk litteratur auka stendigt; og
sjølve samlaryrket hadde etter hand ført honom inn på større bibliografiske
arbeid. Han var langt på veg med 3. bandet av si «Nynorsk Boklista»;
han hadde byrja ei vid gjenomgåing av eldre avisor til registrering av alt
som kom målstrid og folkeminne ved; han hadde gjort mykje av
fyrearbeidet til ein bibliografi yver dei vanskelege gamle viseprent; ei stor samling
bio-bibliografiske data bygd på spursmålsskjema tok sikte på inkje mindre
enn eit nynorsk forfattarleksikon. — Det var Aures ynske då sjukdomen
rådde med honom, at desse samlingane, og arbeidsuppgåvone med deim, skulde
gå i arv til ein offentleg institusjon som kunde føra vidare det han sjølv
laut gå ifra. Dette ynsket hev no gjenge i uppfylling.

Det norske Samlaget, sentralinstitusjonen for det litterære målreisings-arbeidet,
hadde i Aures siste leveår fenge forkjøpsrett til alt han let etter
seg; i 1925 kjøpte det samlingane hans, — for kr. 8,000, som i stor mun
vart skaffa til vegar ved innsamling millom bondeungdom. Ved avtale av
29. juni 1925 (prenta i Universitetsbibliotekets årsberetning 1924—25, s. 28)
vart samlingane deponerte på Universitetsbiblioteket i Oslo som ei
sjølvstendig deild, under namnet «Norsk Boksamling, grunnlagd av Anton Aure»;
biblioteket yvertok vedlikehald og tilsyn, mot full bruksrett i huset. Stortinget
løyvde same året kr. 5,000 til uppstelling, innbinding og konservering.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 18:59:13 2016 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bokobibl/1928/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free