- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årg. XXII. 1935 /
219

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LIBELLUS RUBEUS DE B. KATHERINA
DE VADSTENA

Av

OLUF KOLSRUD, Oslo

UNDER El studiereisa i Polen sumaren 1930 vart eg i Ossolinski-
biblioteket i Lwöw (Lemberg) merksam paa ei handskrift av den
heilage Katherina av Vadstena’s latinske legenda, som ikkje tid-
legare var kjent for nordiske granskarar, — ein liten papircodex fraa 1470-
talet paa 36 blad, i brunt kalvskinnsband, signert: Rekopis Bibl. im. Gw.
Pawlikowskiego, L Inw. 125.1 Eg lét handskrifti fotostat era for mi rekning
(februar 1931) for nærmare aa kunna granska henne, og under eit upphald i
Stockholm i juli —august 1931 studerte eg tilhøvet millom denne handskrift
(P) og dei andre handskrifter og trykte baker fraa 1470—80-talet vedrørande
Katherinas legenda og kanonisasjon, som finst i Sverige. — Riksbiblioteka-
rien dr. Isak Collijn, som fekk laana mi negative fotostatkopi av P (februar
1931) og lét taka ei positiv fotostatkopi etter denne for Kungl. Biblioteket,
hev interessert seg sterkt for mitt fund og uppmoda meg til aa publisera her
i NTBB resultatet av mine granskingar um handskrifti, som han og sjelv
hev kort umtalt i NTBB, årg. XX (1933), s. 8, og i Sveriges Bibliografi in-
till år 1600, bd. I: i (Upps. 1934), s. 67 f. Daa eg hev vore uppteken med
andre arbeid, kunde eg fyrst ved eit nytt kort upphald i Stockholm i august
1935 underkasta mine granskingar fraa 1931 ein revisjon, og sjelv um eg
ikkje enno hev vore istånd til aa Løysa alle dei interessante teksthistoriske
og bokhistoriske problem, som fundet av P reiser, vaagar eg likevel, etter
ynskje av dr. Collijn, aa publisera dei viktigaste av mine hittil vunne resultat
i kort samanfatning, i den tanke, at der seinare vil verta hove til aa hand-
sama emnet meir inngaaande og fullstendig.

1 Umtalt under nr. 125 i: Katalog rlcopisöw Bibljoteki im. Gwalberta Pawlikowskiego,
opracowaf MiECZYSiAW Gebarowicz, Lwöw 1929. (= Nadbitka z Rocznika Zaklada
Narodowiego imienia Ossolinskich, t. III).

16—-35660. Nord. tidskr, för bok- och biblioteksväsen 1935.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:14:15 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1935/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free