- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
98

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Folkeupplysningi og dei store ånder. Av sekretær Aslak Torjusson

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

i det vanlege folket som kunde bli fårlege for dei gamle. Dei
få nye ånder som trongst, måtte gro upp i eller i nærleiken av
dei gamle. Helst innan huslyden. Her kan ein rett nok koma
litt i konflikt med den lunefulle naturi, som stundom gjev store
ånder heller vanleg avkom og skaper store ånder av vanlege
foreldre. Men ein trong vel ikkje bry seg so mykje um naturi i
dette spursmålet.

Kva vilde vera største vinningi ved dette systemet? Det vilde
vera at dei store åndene på den måten lettare kunde kjenne
fråstandet millom seg og hopen. Når ein skal plassere ein ting
høgare enn ein annan kan det gjerast: ved å lyfte den eine
tingen upp, men det kan like godt gjerast på den måten at ein
legg den eine tingen lågare ned. Den siste måten er vonleg den
lettaste. I staden for å lyfta miljøet og gjera det vandare for
dei store ånder å lyfte seg yver mengdi, kan ein leggja nivået
for mengdi ned. Den relative storleiken og proposisjonane vert
dei same og den absolutte storleiken treng ein då ikkje bry
seg um.

Eit slikt system vilde skapa fred. Dei store ånder trong aldri
ottast for den uro som folkeupplysningi skaper. Denne striden
frå eit heilt folk for større herredøme yver og kunnskap um
større og større umråde av livet.

Ein skavank vilde dei truleg merka ved dette systemet. Dei
vilde vel uppleva at eit folk såg upp til dei i ovundring og
hylling, men det vilde vera ei hylling som ikkje var skapt av
forståing.

Dei vilde ikkje uppleva å kunne finna atterklang i eit folk
fordi dei hadde gjeve form for noko som låg uløyst i folkehugen
og som folk hadde vilkår for å fylgja med i og forstå. Dei vilde
ikkje nokon gong kjenna samhugen båra imot seg frå flokken
fordi denne hadde del i upplevingi.

Dessutan vilde uppgåva til dei store ånder verta sterkt
avgrensa. Dei måtte halde seg burte frå det som på ein eller annan
måte kunde setja flokken i rørsle, frå slike uppgåvor som Georg
Brandes ein gong hev forma slik:

Du kan gå med hovudet fullt av tvil um kva du skal tru og
kva du skal gjera. Noko er det likevel som ikkje tvilen rekk
fram til. Når du på vegen din møter eit menneskje som hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free