- Project Runeberg -  Bondestudentar /
29

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29

hugsad han Innhaldet, og dessutan lærde han snart
aa gissa seg til, kva mange Ord tydde. Men andre
Ord lærde han, fordi dei kom saa ofta att. Daniel
totte dette gjekk godt.

Det same totte Kapellanen. Han var fornøgd
baade med Guten og med Metoden; paa denne
Maaten skulde der koma Aand inn i sjølve Tysken.
Og han skreiv ei Avhandling i eit Skuleblad um, kor
godt det gjekk med den nye Metoden.

Likso sæl som Læraren var i denne, likso sæl
var Daniel, fordi han no endeleg kunde fortelja
Folk, at han las Tysk. Han lagde serlig Merke til
slike Ord og Vendingar, som han kunde »faa Bruk
for«, og dei lærde han paa eigi Haand. Dette gjorde
han for aa kunna vera lærd heime, men serleg og
alra-helst for aa kunna vera lærd paa Klokkarskulen.

For der gjekk han i visse Timar og lærde
Rekning og Rettskriving og slikt, og galdt for ein stor
Mann. Dette gjorde, at han likad seg her. Men
der var ein annan Ting og, som gjorde, at han treivst
paa Klokkarskulen, og det var, at han likad so godt
Inga Holm. Inga Holm var Dotter aat
Klokkaren. Det var ein rund, søt liten Ting, med eit
godt, sorgblidt Andlit og fagre Fakter; Augo laag
liksom halvt attletne og smaadrøymde, symjande i mild,
svevnug Glans. Det var forunderlegt, so ljos og
hyggjeleg Skulestova vart, naar ho var inne. Der
var nokot serskilt ved henne, som Daniel aldri saag
hjaa andre; alt det ho gjorde, um ho so berre rørde
ein Finger, so var det so tekkjelegt, so uskyldigt, so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free