- Project Runeberg -  Bondestudentar /
57

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57

skulde segja det til Kristian, totte han for det meste
det vart so dumt. Men stundom sette han det fram
liksom paa Skjemt, so han kunde læ det burt, um
Kristian ikkje godkjende det. Men tok Kristian det
for godt, vart Daniel heiltupp sæl og totte sidan
sjølv, at det var godt sagt.

Paa same Maaten hadde Daniel det med Hans
Nerstad og Rebekka i dei Ting, han kunde snakka
med dei um, ja i Grunnen med alle. Han maatte
altid hava nokot aa halda seg til, og han vaagad
aldri aa tru trygt paa nokon Ting, utan han visste,
at andre og trudde det, — liksom han paa Skulen
aldri var fullstød um Svaret sitt, fyrr Læraren hadde
sagt, at det var bra.

Hadde ikkje Daniel havt Kristian i denne Tid,
og Bøkerne hans, so hadde han visst gløymt alle sine
gamle Draumar. Skulelufti var ikkje sunn for dei.
Det var eit underlegt Hol, denne Latinskulen. Alle
Gutarne var so vituge og so vaksne; dei kunde flira
og læ aat all Ting, men hadde visst aldri drøymt um
annat enn Karakterar. Dei visste, at i denne Verdi
galdt det um aa klara seg, og etter den Visdomen
livde dei. Det var som Kunnskapen i seg sjølv ikkje
vedkom dei. Der var berre Spursmaal um, kva som
var lett elder vrangt aa klara seg i. Og det kvittad
dei eitt, anten dei klarad seg paa ærleg Maate elder
med Fusk. Ja dei, som var drivne i aa fuska, galdt
for heile Mynstermenn og gjekk og kjytte av sine
Fantestykkje for kven som vilde høyra. Men dei,
som var strævsame og trugne til aa lesa, vart tidt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free