- Project Runeberg -  Bondestudentar /
82

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

burte; men i Latintimarne kom dei; for daa var der
»saa mye Morro«. Gammeln stelte seg upp og stod
og saag paa dei. Der kom Isak Abrahamsen
Op-jorden i si fjørprydde Vadmaalskufta og med eit
Hovud so urydigt som eit Kraakereir; full hadde han
voret, og vaskat seg hadde han ikkje; Bøkerne sine
hadde han gløymt; — »gjeng’e du reint laus du«,
sagde Gammeln, — »liksom Øyken i Fjelle; he!«
Der kom dei tvo unge Herrarne, D Hrr. Wall og
Presler, finstrokne og strake, med Floshattar, med
Lorgnettar, Sigarar, Spaserstokkar; dei lettad flott
paa Hatten for » Rektor «, gjorde eit Byks burtyver
Pultarne og sette seg paa sine Plassar med dundrande
Applomb. »Ha, ha, ha!« sagde Gammeln. Der kom
Lars Risvold, eit herlegt Steinbrjotar-Emne, med ein
Rygg som ei Laavedør og Armar som Eik, firkantad
og svær, dum og trufast som ein Hoggestabbe;
tilslutt kom Olai Bruvik, lysande av Saapevask,
aalvor-pynteleg og glattkjemd, liknad eit Bibelbud. Han
saag svært ærleg og paalitelig ut, og bukkad djupt
for Gammeln; men i Grunnen var han arg; han
forstod strakst, at han likevæl var for tidleg ute.

For no gjekk Gammeln burtaat Døri og vreid
henne i Laas. Mang ein Synder kvakk, der han
sat; for no hugsad Kararne, at det var i Dag,
Gammeln skulde hava Pengar for Oktober. —

»Ja naa, Gutter, naa faar Dere vera sn ilde mot
en gammal Mann!« tok Gammeln i paa sin
underlege, skjemtefulle Maate, mest med eit Graatemaal.
Det var ikkje so greidt aa vera til for honom helder,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free