- Project Runeberg -  Bondestudentar /
86

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

lunde kvar Vika lovad han dei, at i næste Vika
skulde dei faa eit Utdrag av hans eigen Grammatikk;
men det vart aldri av. Madvig laut dei hjelpa seg
med, og »Perioden« var det i Grunnen berre faae,
som fekk Tak i.

Men alle fekk høyra um »Sprog-Geniussen«, som
kom til Jora og skapte Tungemaali, elder um
Præ-posisjonarne, som eingong i Væra stod pent i Baas,
men sidan braut seg ut, so alt vart i ei Babels Røra,
elder um Ordklassarne, som der berre var tri av.
»I Evighed! der er tre!« sagde Gammeln. Paa dei
andre Skularne og paa »Universiteten«, der sa dom
det, at der var so mange Ordklasser; aah, det var
so fælt; naar Folk høyrde slikt, so vart dom reint
rædde; men der var berre tri; i Evighed! der var
tri! All Ting var tri; — der var endaa ein Mann,
som vart galen, fordi han kom etter, at alting var tri,
— fortalde Gammeln. — Paa slik Vis fekk han sine
Læresetningar inn endaa i dei tveraste Hovud, og
han fekk dei inn slik, at dei sat.

Men naar han tolkad dei gamle Skribentarne,
lik ad han seg best. Daa var han som ein Eldleik
av aandfulle Lentur, og Bilæte og Likningar kom
sprakande og lysande so tett og so lystigt som i ei
Komedie av Shakspere.

Men kav-norsk var han, og Daniel vart upp i
Under yver, kor godt han fekk Latinen til aa høva
med vaar nordiske Aaiid. Naar han fortalde um
»Cæsarguten«, som kom og gjorde Sold paa
Rem-dølerne og Bellovakingarne i Gallia, den Styggheita,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free