- Project Runeberg -  Bondestudentar /
87

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

som var so raa som Kua uppi Aasen, so var det so
ein kjende seg mest altfor mykje heime.

Men han kunde vera klassisk og. Som naar
han fortalde um sin kjære Horats og um Livet paa
hans Lystgard. Der livde dei idealt! leet han um.
Med Kransar av Vinlauv laag dei tilbords ved den
silrande Kjelda og drakk den perlande Falerner til
Klangen av Lyre-Spel . . . »det var nokot annat enn
aa liggja upp paa Romerike og dyrka Poteter, det,
Simon Husmo!« —

I Livius tok han i Dag Lars Risvold upp.
Daa visste Klassen, at her vart Gaman. Lars
Risvold var ein snild Gut; men han kunde ikkje nokot.
Han var av desse Bygdeljosi, som gjekk her og
strævad Aar ut og Aar inn og ingen Veg kom, aat
upp og øydde burt, fyrst det vesle, dei sjølve raadde,
so alt, som Systken elder Skyldfolk kunde skaffa, og
tilslutt kvar Skillingen, dei kunde laana ihop; — for
heime galdt dei for store Ljos, og paa Kyrkjegolvet
hadde dei voret No. 1. Rauk dei til Eksamen, so
var det ikkje fordi dei var dumme, men fordi
«Skulen var so strid«, som dei fortalde, naar dei var
heime um Sumaren og slog alle Jeronymus ar og
Jesper Ridefutar ut paa Bygderne flate med sitt hie,
JiæCy hoc, hiijpis, hujus, hitjns. Lars Risvold var
ein av desse; men det var hans Lukka og store
Ulukka, at han visste det ikkje sjølv.

Dei las i Dag um Lartem Porsinnam. Dette,
meinte Gammeln, var just nokot for Lars, og køyrde
Guten forskræmeleg for aa faa han til aa skyna,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free