Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
114
Og etterkvart som alle vart forsynte, vart Gleda
mindre skraalande, meir inderleg, vart liksom til ei
smaaputrande Koking av Smaaprat og Laatt, med eit
og annat haukande Rop innimillom, Alle var
samstelte um, at Punsen var daarleg, for søt og for
slakk, berre nokot Skvip; men Puns var alle Dagar
betre enn inkje Puns, og so fekk ein taka det att
»i Kvantiteten«.
Daniel totte i Grunnen Punsen var god, han,
men heldt med dei andre, daa dei maatte vita det
betre. Og so sette han upp ein Kjennarmine og
sagde til Aslak Fjordan, at det var ikkje Puns, det
var berre Sukkervatn. —
Men der kom Magister bibendi.
Det var ein ung, høgvaksen Gut med svært
Håar og brunbleik Hud; ein diger, djerv Munn hadda
han, og var aldri det Slag rædd. Han vart fagnad
med eit stort Skraal, smilte, bukkad, tok seg ein
Slurk Puns, sagde Hml som ein norsk Talar skal
gjera, og lagde so i Veg.
»Mine Harrer! (all rigtli! Hurra!) Snart — er
den Dagen komen — (Hurra!) daa me — for Aalvor
— kann segja Farvæl (Kykeliky!) — til den Tidi
(Jubel, Remjing) — til den Tidi (vov! vov! vov!)
som visst dei fleste av oss — meir enn ein Gong . . ..
eh! eh! eh!« — Talaren laut hosta. Han sveide
Hosten med ein Slurk Puns og vilde byrja att; men
no hadde heile Salen fengje Hoste. Eh! eh! ehL
oh! oh! oh! hostad det fraa alle Kantar og Kræer*
som i ei Kyrkja paa Nyaarsdag, og tilslutt tok eini
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>