- Project Runeberg -  Bondestudentar /
116

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116

Daa han skulde til att, kunde han ikkje koma
til Ords, fordi alle Hundarne gav seg til aa gøy: dei
forstod nok, at han no vilde innpaa det aalvorlege.
Vov, vovi »Og no, mine Harrer« — vov, vov! —
»Og no, mine« — vov! vov! vov! »Og no« — vov!
vov! vov! vov! — »Silentium!« skreik Magister
med fælt Maal, og det hjelpte. Han gav seg til aa
leggja ut um Ansvaret ved aa vera »myndige
Menn«, og det fekk han gjera nokonlunde i Ro.
Naar Samfundet »sleppte os lause«, meinte han, so
gjorde Samfundet dette i den Trui, at me no var
vaksne nok til aa vera vaare eigne Skule- og
Tukte-meistrar, og i den Trui burde daa Samfundet ikkje
svikast. Talaren gjekk endeleg yver til ei Skildring
av den sanne Studenten, ei Skildring, som vann stort
Samtykkje, av Daniel ikkje minst. Den sanne
Studenten var fyrst og fremst ikkje »Materialist« ; han
leet Kræmaren syrja for det, som høyrde Gifyta til;
sjølv livde han for det sanne, det fagre og store;
den sanne Studenten var helder ikkje »Melankolist« ;
han leet kvar Dag hava si Plaga, og elskad, som
Dr. Morten Luther hadde sagt, »Piger, Vin og Sang«
yver alt (»Hurra!« »Fanden spare!«). Endeleg var
den sanne Studenten — trulovad. Men her kom
Talen mest burt i Jubel og »Skaaling« — Daniel
drakk stilt for seg sjølv ei Skaal for Inga Holm,
som han i Kveld aaleine vilde minnast —, og
Magister skreik seg reint maallaus, fyrr han naadde til
Endes paa Talen sin. Han sluttad med eit »Leve«
for Russen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free