- Project Runeberg -  Bondestudentar /
125

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

J.25

Bord, og der sat han og gjorde slikt eit Staak, at
Daniel lo med seg, og tenkte i inderleg Gleda, at
Aslak nok alt var full. Men Ortvedt var ingenstad
aa sjaa. So sette Daniel seg ned til aa venta.

— Der kom Markus Olivarius Markussen og
Halvor Mosebø kryssande hit millom Bordføter og
Styvlar; ustøde var dei visst sjølve, og seint gjekk
det; men Markus Olivarius Markussen lo i høgan
Sky. »Ha-ha-ha-ha! Sjøgang idag! Og forb-banna
mange Vrak!« — han hermde ei Bispa, som han just
hadde høyrt av Halvor. Daa denne kom framtil
Daniel, helsad han med stor Gleda, treiv Haandi
hans og gratulerad sin »Busenfrynd« utan Ende, og
Daniel, som hellest aldri kunde lika Halvor Mosebø,
vart likso glad, drog han nedpaa Stolen ved Sida av
seg, og lo, fordi Halvor var full. Det var so
morosamt aa vera ung og slaa seg laus! Og Daniel
kjende ein urimeleg Hug til aa leggja Armarne um
Halsen hans Halvor og sverja han Venskap til
æveleg Tid; — men Halvor spurde etter Puns, han. Og
der var Puns nok. Dei fyllte Glasi, sagde »Skaal«
og drakk. »Naa, kva segjer De um—«, tok Daniel
i; men Halvor Mosebø tok til aa syngja med sitt
vesle visne Maal: »Hev du set noko ti Kjeringjé mi
— uppe i Lié, i Lié!« — »Hæ-hæ-hæ«, lo Daniel;
»men kva segjer De um —?« — »Jej æ Bondegut,
jej, ser du!« sagde Halvor, — »Bondegut, jej, ser
du! Jej æ fra Tellemarken, jej, ser du!« —Ja, det
var bra det, meinte Daniel; han for sin Part var og
Son av ein Gardbrukar. »Hev du set noko til Kjer-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Mar 11 13:11:29 2014 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestud/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free