- Project Runeberg -  Bondestudentar /
133

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

133_

spurde um Aand og Tanke, men um a a tena godt,
og gjera Pengar utav Kunnskapen sin, liksom Per
Degn gjorde Mynt av . den Latinen, som han ikkje
kunde eit Guds Ord av. Det var fælt med denne
Kræmaraand og denne Handel og Næringsdrift, der
Tanke og annat stort og godt skulde vera. Sjølve
Studiet vart berre eit Handverk; det galdt aa »koma
i Veg«. Herregud, — liva maatte me; men det var
daa, fælt aa høyra Studentar og Vitenskapsmenn tala
um all denne Maten. Dei brydde seg Fanden um Folk
og Land; dei tok sitt Yrkje som ein annan Handel,
og trudde, at dei ikkje hadde meir med Folket aa
gjera enn andre Pantelaanarar; istadenfor aa vera
Folkets førande Menn, klippte dei Navlestrengen av
millom Folket og seg, stengde seg inne i sine
Kontor-baasar og vart Byraakrati. Og so kom heile Rikslivet
inn i den same Aandløysa. Det vai- denne utvortes
Nytten, som kann takast paa med Nevarne, desse
»materielle Fremskridt« med Jarnvegjer og Nautemøte,
denne »Læstedrægtigheit«, som ein Skipper kallad
vaart sanne nasjonale, — kort, alt dette engelske
Væsen med Kjøtmaskinar og Undervurdering av det
ideelle. Dei hadde glø\’mt, at baade Mannen og
Samfundet var meir enn Dyr og trong annat aa liva
paa enn den svoltne Maten. Det gjekk so vidt, at
dei ikkje lenger likad framifraa gode Hovud i
Riks-verket; desse »Hel vites Genier « gjorde berre Ugagn.
Det var Treskemannen, dei vilde hava i Høgsætet;
og Treskemannen var god til sitt Bruk, og skulde
hava baade Løn og Takk til; men Stormann kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free