- Project Runeberg -  Bondestudentar /
149

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

149_

huggad seg med aa tenkja paa, kor glade dei Bkulde
verta, dei, som hadde hjelpt han fram, og som
ven-tad, at han skulde gjera det godt, — og kor staut
det vilde vera aa kunna skriva til Inga Holm:
»Student med beste Karakter.«

Men so gjekk det galet i Historie og Geografi,

— dei einaste Fag han kunde. Til Eksaminator
fekk han ein gamal Vrangpeis, som spurde um alle
Slags Ting som ikkje stod i Boki, og spurde paa
slik ein underleg og urimeleg Maate; og til Censor
fekk han sin gamle Historielærar fraa Latinskulen,
Robert Djevelen. Dette siste var det iser, som gjorde
Guten fortn mlad. Por Robert Djevelén var han baade
rædd og bljug, og daa so Professoren gav seg til aa
vera vrang, kom Daniel utav det med ein Gong.
Han svarad burti Hytt og Ver og stod stundom reint
fast, og Enden var, at han fekk 3, 3 istadenfor 1,1.
Dermed var Laud’en sprungen, og Daniel stod der
som ein vaat Hund.

— Han kunde ikkje forstaa slikt. Det var ei
Rangvisa so yver all Maate! Vera so nære ved
Laud, og so. ikkje faa det; — og falla paa dei Fagi,
han kunde best! Kunde Vaarherre tillata slikt? —
Han stod lengje utanfor Døri og liksom ventad paa,
at Professoren skulde koma ut og segja, at det var
eit Mistak. For det gjekk ikkje an slikt. Væl
hadde han gjort det mindre godt i Dag; men Censor

— Censor visste, at han kunde Historie, og
Vaarherre vilde hjelpa til . . . Der var daa væl Rettvisa
i Verdi! Skulde ein Mann lida Skade paa kanskje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free