- Project Runeberg -  Bondestudentar /
150

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

150_

heile si Framtid, fordi ein gamall Surpose av ein
Professor var i Ulag? Det gjekk ikkje an; nei, det
kunde ikkje gaa an!

Men Daniel fekk sjaa, at det gjekk an.
Professoren og Censor kom ut — og gjekk sin Veg.
Dei saag ikkje paa han ein Gong. Dei syntest hava
det beste Samvit. Og Robert Djevelen gjekk og
smiskad for Professoren, smiskad og smilte og gjorde
seg lækker, lækker som ein Fleskebog.

Daa kokad det upp i Daniel eit etande Sinne,
og han sagde for fyrste Gong i sine Dagar »Fanden.«

Heimyver drog han, harmad seg sjuk. Han
skulde havt Laud! Han hadde det i Grunnen!
Med Gud og Retten skulde han havt det, — og so
fekk han det ikkje. Var like ved det, hadde det,
aatte det, — og fekk det ikkje. Hadde han berre
ikkje voret so nære ved det! Og hadde ikkje Historie
og Geografi voret hans beste Fag! Han forstod ikkje
slikt; han forstod ikkje, at slikt kunde henda! No
skulde han gaa i heile sitt Liv og hava Haud til
Artium, og det fordi ... i Grunnen fordi han hadde
havt Robert Djevelen til Censor.

Han slengde Bøkerne i femte Veggen og sparkad
etter dei. So sette han seg trøytt og leid ned paa
ein Stol og seig burt i myrke Tankar.

Men rett som han sat, trappad han i Golvet.
Han kunde ikkje koma fraa dette harmfulle Minnet,
at han hadde voret so nære paa aa faa Laud, og so
ikkje fengje det. Han kunde ikkje eingong vera
glad, fordi han var ferdig. Denne Dagen hadde han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free