- Project Runeberg -  Bondestudentar /
158

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158_

Han lagde iser ut um, at Vitenskapen ikkje maatte
vera nyttig. Vitenskapen hadde sitt Maal i seg sjølv.
Tilslutt kom det eit Par av Tankarne fraa Russetalen,
og so sluttad Professoren med ei Lovprisning av det
sanne og ideale Studenterliv.

Daniel høyrde paa Visdomens Ord med djup og
hjarteleg Vyrdnad. Han totte det var so sannt og
so godt. Men daa Professoren kom til det ideale
Studenterliv, tenkte han med seg sjølv: gjev Jens
Bakke vilde senda Pengar.

— So skulde dei nyfødde Aandens Adelsmenn
fram og faa sine Borgarbrev og avleggja Lovnaden.
Det vart ei lang Mynstring. Dei fleste var
By-studentar, Folk med store, plattyske Namn og med
dette serskilde, fine Lag, som Daniel hadde undrat
seg yver i alle sine Dagar. Men ender og daa kom
det trampande ein homo novus, ein Aslaksen elder
ein Bragestad, og Daniel saag med veksande Uro,
kor lett det var aa kjenna dei fraa dei andre. Dei
hadde ikkje Svingen. Bre vi sine tok dei imot med
stive keivhendte Tak, og innbillte seg, at dei bukkad,
men det vart berre ein Rykk i Nakken; og andre
tverbøygde seg, som dei skulde gaa av paa Midten.
Daniel vart mindre og mindre, der han sat; no
skulde han fram. »Hr. Daniel Olsen Braut!« —
Han dukkad upp, steig fram so godt han kunde,
samlad ikkje klaart, saag berre halvt upp; heile
Salen laag i Skodd og Susing, og endaa var der so
uhyggjeleg stillt; kvite Kragar og Andlit lyste
utyde-legt fram or Skoddi liksom store, matte Augo, som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free