- Project Runeberg -  Bondestudentar /
195

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

.195

paa dei ljose, blaae Barneaugo, og undrast paa, at dette
skulde vera den fæle Radikalisten, som dei talad so
mykje um, og som Politiet etter Folkesnakket vaktad
kor han gjekk, at hån ikkje skulde gjera Revolusjon
paa opne Gata.

Etterkvart kom fleire av Klikken drivande, og
der vart meir livlegt. Ein skulde hava Kaffi, ein
annan 01; og ein tok Braud til Ølet, daa han ikkje
hadde fenget Middagsmat. Eit Par kom med Boker
under Armen; dei brukad aa sitja her og lesa, fordi
dei ikkje hadde Ved heime. Ein ung, litt
fatik-fornem Student, som kom tilslutt, bad um 01 av dei
andre, »daa han ikkje hadde Kredit her lenger«; —
»hev du Kredit nokon annan Stad, daa?« spurde dei.
» Fanden helder«, svarad deil unge. Daa lo Kararne,
og Hr. Strand — han med ’Maten — meinte, at no
kom altso Hr. Baardsen endeleg til aa hengja seg
upp, som han burde ha gjort for lengje sidan. Den
unge — Hr. Baardsen — drog paa Aksleme. »Det
er ingen, som vil borga meg eit Reip«, sagde han.
»Du skal faa eit Sekkeband av meg«, svarad Strand,
»men naar du hev brukt det, vil eg hava det att;
for eg hev snart Bruk for det til min eigen Hals.«
— »Gjev meg eit Stykke Mat, so skal me forhandla
um den Saki«, sagde Hr. Baardsen. »Fanden—, eg
er ikkje halvmett sjølv! — Naa, din Slyngel, din
fordømelege Idiot, ver so god; gjev det maatte
forvandla seg til Graastein i din hole Hals og i din
botnelause VombsekkU — »Takk«, sagde Baardsen.

Daniel tok til aa lika seg i denne Flokken; dei

13*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free