- Project Runeberg -  Bondestudentar /
196

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_196_

var Fant liksom lian, men forstod aa taka det lett.
»Aa du Ottkanten«, sagde Fram til den eine Røvaren,
»kom hit med det Fillebladet. dittU — »Eg hev
ikkje leset det«, knurrad »Ottkanten«. »Kom med
det!« kvesste Fram i; han maatte hava nokot aa
skriva paa! Ottkanten skifte Bladet i tvo og gav
Fram Lysningssida. Under dette kom der eit Par
Studentar inn, som Daniel dømde var Teologar, og
som nok ikkje høyrde til Laget. Dei sette seg ved
eit mindre Bord burtmed Yindaugat, og
Upvartnings-gjenta kom med Kaffi til dei. »Johanne!« sagde
Fram, »kor mange Koppar hev eg faatt no ?« — »I
Dag, meiner De?« — »Ja?« — »Seks.« — »Lat
meg faa ein til, Johanne.« — »Berre ein?« spurde
ho og lo til dei andre med sine kvite Tenner; for
dette var ein Vits. »Ein i Senn«, svarad Fram og
skreiv.

Men daa Kaffien kom, lagde han Pennen fraa
seg. Han rette seg upp og saag seg ikring; Daniel
lagde Merke til, at han ikkje hadde Halskrage. So
gav han seg i Ferd med »Gudedrykken«. Og daa
den fyrste Torsten var sløkkt, sagde han til Baardsen:
»Du Baardsen? eg vil segja deg det, at dersom du
hengjer deg upp no, so gjer du ei god Gjerning; for
ein Laban er du, og ein Laban vert du; men . . .
lat no det vera godt. Vaarherre hev Bruk for
alt-slags Folk; han hev Bruk for Teologar og, maa ein
tru.« Dei forstod strakst, kor han vilde av. Dei tvo
unge Teologame, som sat der burte so rein strokne og
fromme, lokkad nok altfor sterkt hans Vikingnatur;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free