- Project Runeberg -  Bondestudentar /
199

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

208_

sagde Økseskaftet. — Fram dreiv paa. Vilde nokon
koma med det, sagde han, at Skulemeistrarne ikkje
gjorde sitt Arbeid so godt, som det kunde gjerast,
so vilde han berre segja, at Skuldi for det, den hadde
ingen annan enn Teologarne, for dei var Lærarar paa
Seminarskulen, og der hadde dei proppat Unggutarne
fulle med Dogmatikk og tullutt Katekiseringsøvelse
og paa den praktiske Vegen med toskutt Tavlerekning
med so og so mange Strek i den resiske Regel og
kva annat Tull dei heitte, desse Teologrekningarne
fraa Seminariet. Og likevæl hadde Skulemeistrarne
gjort mykje Gagns Arbeid, so det maatte vera To i
-dei Kultarne, naar dei kunde halda seg so godt mot
den teologiske Tanketyning. — »Det er naturlegt
nok«, sagde Økseskaftet, med raud Skalle og
skjelvande Munn, »at De, Hr. Fram, finn, at alt, som
lieiter Kristendom, er Tanketyning; men —.« Fram
flaug upp og gjekk Motstandaren sin paa Livet,
liksom han vilde læra han Logikk med Nevarne: »
Kristendom! Gud hjelpe oss for Snakk! Den resiske
Regel Kristendom! Og Pontoppidan! Han vilde
.spyrja kvar vitug ung Mann: kva tykkjest De um
Erik Pontoppidan? Dei skreiv i Lærebøkerne sine,
.som dei gav ut, desse Teologkultame, at dei katolske
Prestarne forbaud Folk aa lesa i Bibelen og arbeidde
imot Folkeupplysning; men kva gjorde dei sjølve, dei
Kararne? Jau, dei vilde ikkje gjeva Skulemeistrarne
Lov til aa taka Aalmugskulelatinen vekk. Pontoppidan,
<let var Aalmugskulelatinen. Anten dei uppe i
Fjell-bygdarne stoppad i Ungarne Paternosteret paa Latin

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free