- Project Runeberg -  Bondestudentar /
198

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_198_

Men Fram snudde seg kampfus til den vesle Teologen
og sagde, at det um Skuleloven var nokot Humbug!
Og han lagde ut paa sin sereigne Maate, stundom
litt s træ vande, smilande, og so igjen harskt og rasande,
at det ikkje var Prest ame, som hadde Æra for den
nye Skuleloven. Den nye Skuleloven var for
Mesteparten skapt av Folkekravet nedanfraa, fraa
Skulemeistrar og Klokkarar; Skuleloven var ei Frukt av
Skulelærarmøti kring Landet og av det Liv, som vart
vekt av Ole Vig; Prestarne, dei hadde stødt rengt
Augom te Skulemeistarmøti og Skulemeistrarne, som
paa sine bare Føter vandrad fraa eine Enden av
Landet til hin, kvar Gong eit Skulemøte var tillyst; og
naar Prestarne hadde møtt der, so hadde dei protesterat
og skræmt ned all fri Tale og studt Faakunna, so godt
dei kunde, Faakunna nedanfraa, Kjeringkravet, at
Pontoppidan skulde vera Storboki i Skulen. Det
hadde Prestarne gjort! Men dei, som hadde ført
Ordet for Skuleloven, det var slike Folk som
Klok-kararne fraa det vanvyrde »Klokkaramt«, og dei,
som hadde gjort, at lier no var meir Upp lysning i
Landet, det var dei, som Teologar og andre fine Folk
kallad halvstudera Røvarar, — denne Fylking av
Arbeidstrælar, som sleit og arbeidde fraa Morgon til
Kveld for Maten i Munnen og knapt Dalaren um
Vika, og som maatte sveitta nokot annat enn den
store Upplysningsutbreidaren Presten, som paa eit
Korter fekk sitt Upplysningsarbeid med aa vigja Folk
ihop betalt med 5 Dalar Paret, ofta for ein Tale,
som ikkje var to Skilling verd! — Ja men . . .,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free