- Project Runeberg -  Bondestudentar /
272

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_272_

sjølve Vegen trættad dei; Lensmannen strævad med
aa forsvara den nasjonale Æra og Treskipi, og som
dei stod der inne og lagad Toddyen sin, spurde han,
nm Hr. Storr daa for Aalvor kunde tru, at me kunde
koma etter med aa byggja Jarnskip. »Koma etter?«
sagde Endre Storr, »skulde me koma etter med nokon
Ting? Det einaste, me hev lært av Utlandet, det
er aa . . . aa gjera Konkurs!«

Det vart Laatt av dette, og dei lo trygt; for dei
visste, at Storr hadde sine eigne Meiningar. Men
Storr var komen i Stridslaget sitt no, og daa dei
hadde sett seg til Ro att, hogg han i paa nytt.

»Ja, ja, det er lett aa læ«, sagde han, »det
er . . . ja. Kor i Guds Namn skal det gaa med
eit Land, der ingen vil arbeida?« — »Overdrivelse«,
sagde Lensmannen. »Vil me ikkje arbeida ?« smilte
Proprietæren. »Nei, me vil ikkje«, svarad
Grosseraren. »Me vil . . . me vil ... ha det godt! ha det
maklegt vil me . . . vera store Herrar paa Kreditt!
Det vil me! — Er det ein Mann, som hev tent seg
ihop nokre Tusund, so legg han s^f* til og ... og
ét dei upp; og dersom han ikkje ét dei upp, so hev
han ein Son, som ét dei upp! Ein, tvo, tri! det;
som skulde vera Grunnlaget for ein Kapital, for ei
stor, fast, solid Drift ned igjenom ... Ja, for slik
er det i Utlandet! Trur * De dei store engelske og
amerikanske Rikdomarne hev rignt ned fraa
Himmelen? — Dei store utlandske Rikdomarne hev komet
til paa den Maaten, at ein Arbeidsmann elder ein
Hotelgut tente seg ihop 50 Pund; Son hans heldt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0281.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free