- Project Runeberg -  Bondestudentar /
299

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_299_

til Amerika, so vart dei som Folk av eit annat Slag.
Tingen var, at der lærde dei ein annan Moral. Det
var ingen der, som fortalde dei, at dei skulde lita
paa Vaarherre; der fekk dei vita, at dei skulde hjelpa
seg sjølve, og naar dei hadde lært det, so klar ad dei
seg sjølve! — Daniel totte Grosseraren hadde Rett
i somt av det, han sagde i Kveld; Bønderne var
som han sagde; han hadde sjølv røynt det. Og um
dei so vart Studentar, var dei Villmenn . . .

»Oh! oh! oh!« lo Aslak F jordan burte i
Kroken sin, »eg er med det Partiet, som vil avskaffa
Prestame, egl der er eg med! oh! oh! oh! anten so
Fa’n det er reaksjonært elder . . . Hoh-oh-oh, dei
Svinebeisti! Stend dei ikkje der og lyg so det renn
av dei, kvar Guds skapte -Sundag! Trur dei ikkje
me veit, at Jesus vart Gud paa Kyrkjemøtet i
Nikæa 300 Aar etter han var daud? hoh-oh-oh!
utnemnd til Gud med simpelt Fleirtal ? Og Fleirtal
fekk han, fordi Keisaren gjekk med! hadde Keisaren
gjenget med Arius daa, som han gjorde fleire Gonger
fyrr, so hadde Jesus aldri i Verdi vortet Gud! Og
det veit dei, dei Svinebeisti!« — Hu, for eit
Snakk. For ein Raaskap i Tanke og i Tale; sjølve
Dialekten var simpel! — Men Gregus Johnsen
sat og nikkad og totte Aslak talad godt; kanskje
livde han paa Aslak no. Ender og Gong strauk han
seg gjenom Haaret, heldt so Fingrarne framfor seg
og stirde paa. dei med eit myrkt Uttryk; han vilde
sjaa, um det hadde fylgt Haar med; for Gregus
Johnsen heldt paa aa missa Haaret sitt. Det heile gav

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0308.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free