- Project Runeberg -  Bondestudentar /
300

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_300_

eit Inntrykk av nokot forkomet, armodslegt,
fante-faret; Daniel snudde seg ifraa dei med Mothug. Han
totte han kjende sine Bondestudentar att; dei kunde
ikkje eingong rangla med Anstand. »Ja G-u vaagar
han seg her inn!« sagde Endre Storr laagt og stirde
mot Døri. Daniel fylgde Augo hans og fekk der
sjaa ein Mann, som han totte han skulde kjenna.
Jau, han kjende Mannen; det var Olai Bruvik. »Det
er ein norsk Odelsbonde, det«, sagde Storr. »Sjaa kor
stød og paaliteleg han ser ut, so roleg og aalvorleg
og ærleg; du skulde tru, det var ein Gudsfugl, —
og so er det ein utkropen Kjeltring. Han hev
hand-lat nokre Aar her i Byen, fekk Pengar med Kona
si og øydde dei upp; so livde han paa Vekslar, laante
Pengar, kor han kunde, snytte halve Byen . . .
for ingen kunde annat enn tru paa slik ei Aasyn!
Men dei fekk læra, at under den rolege og kalde Yta
gjøymde der seg . . . ein djup og syrgjeleg Raaskap.
Pengarne gjekk til store Kalas og sjofle Kvinnfolk
og . . . Her um Dagen spelad han upp. Kreditor arne
skal hava Von um aa faa halvannan Prosent, segjer
dei.« Studentame lo.

Men Daniel totte han fekk vera sjølvstendig
no, og so sagde han, at det var visst likso store
Kjeltringar i Byen som paa Landet. Dertil svarad
Endre Storr Ja. Denne Hr. Bruvik var i Grunnen
ein Repræsentant for heile Folket. Me gjekk her
og galdt for aa vera so grunnstøde og grunnærlege>
og naar det kom til Stykket, var me eit Folk av
Fantastar . . . usolide, ussetande, lettsindige . . . Tater-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0309.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free