- Project Runeberg -  Bondestudentar /
317

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_317_

»Men han held seg fin likevæl!« svarad Karl Magnus;
»han rakar seg og gjeng med kvitt Slips . . . Det
er det dummaste, du kann sjaa; alle Folk trur, han
er Teolog! Han ser ut som eit Asen i Messeserk,
elder som ein Saud i Snibel!« — Di meir han drakk,
di høgmæltare vart han, og han fiktad med Armar
og Aksler, som han skulde hava Betaling.

Aa ja, meinte Strand, det var mange av desse
Bondegutarne, som det gjekk sjeis med. Mange
naadde ikkje Artium; andre rokk so langt, men
ikkje lenger; some stansad med Andre-Eksamen, og
andre døydde. Ja, svarad Karl Magnus, det var
mange som døydde i dei Bilom; vonde Dagar og Slit
drap mang ein Mann; og dei, som naadde fram, var
ofta utslitne. »Og dei fleste vert Teologar«, sagde
Olai Juberg med eit seint, rolegt Maal. Aa ja, Karl
Magnus kjende dei, desse nye Bondeteologarne; dei
var audkjende, dei; fæle Fantar, tunge som Kjølsvin,
med myrke, breide, fanatiske Andlit, høvelege til
Tukthusprestar elder Indremissjonærar . . . Men det var
naturlegt, at dei fleste Bondegutarne gjekk den Vegen.
Dei var upplærde til det, fyrst paa Aalmugskulen og
sidan paa Seminarskulen; naar dei so kom her inn,
visste dei ikkje, kva Studering var; det einaste, dei
kunde, var aa læra Leksur og tru paa Skulemeistaren,
og so tok dei Teologien. Det kunde vera godt og væl,
men . . . Pokkeren take han Gamle-Eiiik Pontoppidan!
»Og Ramslesningi«, sagde Strand. »Aa«, svarad
Karl Magnus, »den er ikkje den verste! Naar det
gjeld Pontoppidan, so trur eg snarare Ramslesningi er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0326.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free