- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
12

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gonger, so han visste det. Det var so reint og fint at
ein måtte tru dei vaska golvet kvar dag. Og stolar og
bord var gjorde av tre som blenkte; og der var blomar
i vindaugo fagre som i Paradis og forheng so lette og
kvite som kveldskyer på himmelen; og på veggen var
der bilete som var so reint på ein annan måte enn den
jomfru Maria og den keisar Nikolaus dei hadde heime,
at der var ikkje liknament. Og blanke messinghamrar
i dørene; og glasskåp med raude og blåe og forgylte
bøker; og eit stort underleg spel som dei klunka på
so vent at ein kunde gråta; og eit kvitt marmorhovud
uppe på ei hylle; og so mange, mange fine ting, som
han ikkje visste namn på; og yver det heile ein
dåm, noko reint og fint og mildt og himmelsk; ein fin
ange som han ikkje kunde forklåra seg, og ein linn,
mjuk, smeikjande varme som ikkje tyngde, og som ein
ikkje vart svevnug av ... å, å; det var ikkje til å
utsegja.

Alt dette bygde seg upp for Daniel til ein himmel på
jordi, som han knapt torde drøyma um å nå, men
som han drøymde um jamt endå. Di eldre han vart,
di meir tenkte han med seg, at fanst det råd, so laut
han ut or trældomen og tre-skorne og vadmålsbroki
og den låge, myrke bondestova. Å, den som berre
var vaksen 1

I bygdi gjekk det ei stor fråsegn um son hans Jo
Kleppe, han frå Berg sokn, som hadde vore i Kristiania
og «lese seg fram til prest». Han hadde streva i mange
år fyrr det vart noko av; for det var nok ein fælt strid
skule. Gong på gong laut han upp til prøve; og det
gjekk stundom gale og stundom godt. Det hadde nok
spela’(reint på vitet for guten sume tider; men på
haddehan drive og fram hadde han vunne; «og no,»
enda soga, «er han prest der nordpå ein stad, og hev
kanskje sine 600 dalar um året!» Det var Oskeladden
som hadde vunne kongeriket; for Daniel lyddest det
som lurtonar som lokka til eventyr.

Skulde slikt kunna henda med honom? Presteskulen
var skræmeleg dyr. Sjølve rikingen Jo Kleppe hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free