- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
63

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gamle Holm var fornøgd med Daniel. Guten var
den han hadde vore, so vidt som han kunde forstå. So
nær som i målet då, sjølvsagt. Dei helsesame
grunnsetningane han var heimangjord med, hadde han halde
pa; og han hadde ikkje vorte uppblåsen. Han heldt
med klokkaren i all ting; gamle Holm var mest kaut
av å la slikt medhald av ein mann som ein då snart
kunde kalla studera.

Mons skulemeister tagde for det meste. Berre ender
og då kom han stikkande med eit lite spursmål um eit
eller anna som han lenge hadde ynkst å få greide på
av kunnige folk. Daniel svara nådig både på det han
visste og det han ikkje visste; og klokkar Holm og
Mons skulemeister undra seg storleg yver visdomen
hans. Men det var for det meste Hans Haugums visdom
Daniel no for med.

Han tagna, då dei kom fram mot klokkargarden.
Alt var so underleg; det låg ein glim, ei hildring yver
kvar ting; alt han såg, det liksom glyrde til’ n og takka
for sist, eller drog på geipen. Men ei gamal høne gjekk
og kakla og breidde seg og sa tydeleg, gong etter gong:
friar? friar? friar?

Daniel raudna og hetna. Men han kom inn. Helsa
på gamlemor; det gjekk nokolunde. Helsa på Inga;
det gjekk skralt. Han var ikkje god til å sjå henne;
der la seg ei dimme for augo, eller han fekk dei ikkje
upp. Men det verste var at han ikkje kunde segja noko.
Han stod og tagde som ein stor tosk. Det var harmeleg.

Men ved bordet vart han modigare, då han hadde
fenge eit glas øl. Og so rødde han i aust og vest;
han fortalde og fann på, låi te og laug; det galdt berre
um eitt: at Inga skulde finna det morosamt. Men det
han sa, lyddest i hans eigne øyro som ein tom dur.

Etter bordet var det pipa. Vel kom det no med at
han hadde lært å røykja; han vart sitjande hjå klokkaren
langt utyver kveldøykti. Inga sat soleis til, at han ikkje
kunde sjå henne frå ruggestolen sin; men han kjende
på seg at ho var inne; og her var so hyggeleg. Make
til koseleg stove hadde han ikkje set. Og slik ein hage,

5 — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free