- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
190

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for visdom, dans ikring gullkalven og aping etter
ånd-lause motar i staden for eit liv i kjærleik og kraft, —
det er i få ord kjennemerki på dette livet som dei vil
skal gjelda for det høgste; eg vil ikkje tala um alt det
som løyner seg attum stasen, og som helst ikkje er
nemnande. Kvar alvorsam tanke drep dei med lått;
deira livsvisdom er: lat oss eta og drikka, for i morgon
døyr me,

«Eg gløymer ikkje det som er godt og fagert i byen;
der er både kunst og andre ting, som kann lyfta og
gleda åndi, og der vil alltid vera mange å finna som
lever eit sant menneskeliv, midt i tomleiken og ståket.
Det eg talar um, er det som me serleg kallar «bylivet»,
dette livet som gjer folk til pyntedokkor og
dansemeist-rar og drep liv og ånd og ålvor i eit endelaust jag
etter fjas, og tømer folk so reint for alt åndeleg merg,
at dei sistpå ikkje kann ha andre meiningar og tankar
enn dei som er på moten. Og det vil du kjenna til
likso godt som eg. Nei, — som eg trur eg på min
måte lærde deg: mannen er gudskjelov anna enn ei
parykkblokk eller uppklædd dokke, og livet er noko
anna enn å kunna dansa godt og vera løve i ein ballsal.

— Og det er det største eg hev lært her på landsbygdi:
at kor armt og skralt og ofte ufagert «folkelivet» kann
taka seg ut for den som ser det «ovanfrå» gjenom
lorgnetten, — det er det som eig mest av sanning og
ålvor og hjartelag; det er det som er det rikaste og
sannaste i grunnen. Her er lite form, men dessmeir
innhald; det er klåre klingande malmen ein her finn;
yta er kald og myrk, men under den gøymer det seg
gull, hjartegull. Her må me byrja; her må den arbeida
som vil vera med på å vekkja folkeånd! i Noreg.

«Du vil ha set, at eg i desse åri hev havt mykje å
stå i. Eg hadde tenkt meg folket annarleis i den tidi
då eg låg og drøymde i Kristiania; mang ein gong hev
eg vore på veg til å gjeva trui upp. Det hev set meg
ut til at folket ikkje berre var dvaiebunde, men
steingjenge under all denne uånd, matstrevet på den eine
sida og pietismen på den andre; at det var stålslite og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free