- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
216

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tilgav han Vårherre; umvendingssoga si sprang han
yver,

Rud og Haugum og den flokken, dei fekk segja kva
dei vilde; han hadde so gode folk på si side no, at
han ikkje var redd. Han vilde heller ha med seg
heile det store upplyste samfund enn ein flokk fortumla
idealistar; og han var friare no, når han heilt fekk fylgja
si naturlege trong til å bøygja seg lojalt for all sann
autoritet, enn han var då han var med og reiv ned
på autoriteten. Det var sant som professoren sa: sann
fridom nådde ein ikkje ved å råda seg, men ved å
bøygja seg.

Han var berga. Um nokre år vilde han vera komen
inn i den pyramiden av glans og makt som han alltid
hadde drøymt um, og som var det høgste; då kunde
han med sanning segja at han hadde nått sitt ideal.
Han visste knapt nokon ting som kunde vera gildare
enn å sitja på ein gamal prestegard og vera herre yver
bønder. Og då skulde han iæra folket å arbeida,
arbeida . . . Han hadde vondt av den ungdomen som
gjekk her og kasta seg burt i strev for ville og lause
«idear», som aldri i verdi kunde skaffa sine folk anna
enn slitne frakkar og brotne voner. Men dei
skrål-halsanc som gjekk og forførde ungdomen og reiv ned
på alt, og ikkje var fornøgde med nokon ting, dei
kjende han at han var harm på. Kva var det dei vilde
for noko? Var ikkje samfundet so godt stelt som ein
kunde venta?

Han rette seg upp og såg seg ikring. Hm; der var
dei att, desse snobbane, desse sviskeprinsane som gjekk
og glodde på folk og flirte . . . Pokkeren måtte vita
kva dei hadde å flira av. Med ein gong gjekk det
som ein styngogjenom han; der kom ei som var so lik
Inga Holm. A Gud, Inga Holm. At han ikkje hadde
skrive til henne fyrst. Han forstod det ikkje. Ho som
var so ung og so søt; ho som hadde vore draumen i
hans ungdom, draumen, huldri . . . Nei; han måtte
ikkje tenkja på slikt. Han hadde ikkje løyve til det.
Men han vilde kjøpa Asbjørnsens Huldre-Eventyr . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free