- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
217

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


— So mange fagre møyar. Sùme unge og spede
som sprettande blom, andre rike og fulle som svanor . . .
Men no hadde han pengar; no vilde han leva eit par
glade studentår; Vårherre tilgav nok det; og andre
turvte ikkje vita um det. Hanna, ho var vaksi og klok;
ho vilde ikkje krevja meir av han enn rimeleg; han
skulde skriva til henne so ofte han kunde; ho fekk vera
glad ho vart gift. Han skulde nok koma til å halda
av henne. Den som berre var yver det fyrste møtet . . .

Det var ein underleg ting å vera trulova. Han var
liksom ein annan mann no. Det var dei som hadde
krav på han, som åtte han . . . Men no kunde han au
skriva heim og fortelja, at han var forlova med ei
frøken, ei rik, fin frøken; det vilde vera noko å få vita
for dei bøndene der heime, og for Jens i Larsebakken,
og grosserar Helle . . . Han såg upp og lo.

Eit stykke ned i gata kom det tvo karar gåande;
han kvakk og vart uroleg; for den eine var Jens Rud,
Men den andre? Den høge og gråhærde med breid,
svart hatt? Daniel stirde som han var frå seg. Det
var då vel aldri —, Det kunde då aldri i livet vera . . .
kapellan Hirsch? —

Student Braut visste ikkje si arme råd. Han snudde
seg rundt, skaut kryl på ryggen og tok til beins med
lange steg; svinga so inn i ei sidegate.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free