- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
14

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

Fedraheimen.

28de Januar 1882.

”Nei, du saag kje gale der, Tom.
Me tala um denna Ferdi til Sjøkanten

’og snakka um, kor gildt det var aa|

ha med seg so mange Kjenningar.
Kor snildt der var av Farbror din aa
bjoda Howts, men kann henda du ikkje
visste av det.”

”Jau, eg veit um det,” sae eg turt.

”Aa verkeleg! Kann henda du
talde til Farbror din til aa bjoda dei?”

”Er det rimelegt?” spurde eg, hæ-
deleg.

”Eg veit ikkje, kvifor du ikkje
skulde,” var det rolege Svaret. ”Char-
les hev allstødt vore ein Ven av dykk.”

”Er det ein Grunn til, at eg skulde

lika, at han reiser med :deg til Sjø-
kanten og bur i det same Huse som
du? Aa segja deg Sanningi, Sydney,
eg likar kje denne Ordningi — eg likar
kje, at Howt skal visa deg alle dessa
namnlause smaae Merksemderne (Op-
- merksomheder), som berre eg sjølv
skulde visa — som berre eg hev Rett
til aa visa deg, kjære Gjenta mi.”

Eg traadde svært etter aa segja
Sydney paa den minst aastøytelege
Maaten, at eg ikkje vilde vera med
-ho paa -Ferdi, og syna ho, kor
umogelegt det vilde vera i hennar
Stelling aa taka imot Merksemder av
andre. Og eg smeikte meg med, at
den nette litle Tala, eg just hadde
halde, vilde faa ho inn paa detta, og
so gjekk det au.

”Hr. Howt, sae ho, ”vil kje faa

- Tilfelle til dei Merksemderne, du talar

um, sid” du au vert med.”

”No var Tidi komi til aa upplysa
ho. Eg strauk upp Haare fraa Skallen
med Hondi og sette Foten min imot
ein av Pilararne i Svoli, og sae:

”Eg vert kje med til Sjøkanten.”

”Ikkje?” ropte ho, reint forstøkt,
saag det ut til.

”Nei,” sae eg. ”Eg hev sett meg
fyre aa slaa meg ned i Skogarne.”

”Eismall?” ropte Gjenta mi, ho lae
i Hop Hendarne og saag ut til aa
vilja uvita.

”80, so, kjære du,” sae eg smeik-
jande, ”tak det ikkje so til Hjarta.
Ja, eg skal reisa eismall; men vert
kje rædd, eg skal koma att frisk og
frels. Du veit, kor glad eg er i Veid-
ing og Fisking. Fyst eg skulde vera
med dykk, vilde det slett ikkje vera
Spursmaal um Veiding, veit du, og med
Umsyn paa Fisking, so vilde eg ikkje
faa ei einaste Stund til denne gilde
Idrotti. So veit eg nokk, du vil vera
ei snild liti Gjenta og lata meg raa
meg sjølv ei Gong, og —”

”Ei Gong? Aa Tom, liksom du
- ikkje fekk raa deg sjølv stödt,” ropar
Sydney, for harm til aa bida til eg
fekk slutta.

« ”Det er nytt aat meg, du,” svara
-— eg roleg, men fyst du segjer sant, vil
.me verta gifte 1 September i Staden
fyr Oktober” Eg hadde vilja haft
Bryllaupe i den fyrre Maanaden, men
Sydney var so strid til aa halda paa
Oktober, at eg laut fira.
Ho lo og rodna litt, for eg hadde
- raaka godt, og sae so:
- ”Tøv, Tom. det kann me ikkje reikna.
Det er ein av Ser-retterne aat Kvinna
aa setja sin eigen Brullaups-dag, og

du skulde haft so mykje Vit, du ikkje

hadde lagt deg uppi slik ei Sak.”
”Tru du no kje tek det noko

strengt?” spurde eg. ”Er kje denne

Saki likso viktug fyr meg som fyr deg?

Men eg vil kje dryfta det Spursmaalet
meir, eg vil halda fram —”

”Med dette,” segjer Sydney, som
tek braadt frami, ”tykkjer du, at du
visar meg ei Æra ved aa velja dei
ville Skogarne framfyr mitt Sellskap>?”

”Kjære du,” bad eg, ”tak det kje
paa den Maaten.”

”Paa kva annan Maate kann eg
taka det?” spurde ho. ”Det er ikkje,
slett ikkje i Vegjen fyr, at du vert
med oss, er det kje so?”

Dette var det kje so greidt aa
svara paa. Det var verkeleg ikkje
anna hell mi eigi Lyst til Hinders
fyr, at eg var med Sellskape aat Far-
bror, men det kunne eg kje tilstaa.
Nei, nei! for i det Tilfelle vilde eg
verta ein Træl aat Kjærasten min, og
ho kunne senda meg kot ho vilde.
Difor rista eg aalvorleg paa Hovude
og sukka tungt.

Du ser, eg trong litt Tid til aa
finna eit Svar og nytta den Maaten
til aa vinna Tid. (Meir.)

Norske By- og Bygdenomn Bt. Ble

Etterkvart som det norske Folket
finn att seg sjølv og kjem seg til betre
og betre aa staa paa eigne Føtar, vil
det ogso setja best Verd paa sine
eigne gamle Bby- og Bygdenomn og
halda dei for dei beste, og derimot
smaatt um Senn driva ut dei framande
Langfantarne, som era komne inn utan-
ifraa. So lengje Folket held paa
desse, gjev det aa kjenna, at det mæ-
ter mykje meir det framande, som
nokot gildare, enn sitt eigjet, og det
er eit stort Lyte. Korleis kann den
vertd vyrd og meten av andre, som
mismæter seg sjølv og sitt eigjet? Og
leidaste era alle dei Nomni, som era
komne inn ved Magtbod av Eineveldes-
Kongom. Dei Nomni era eit gamalt

Trælemerkje, som heng paa Landet,

og som minner oss um vaar Vesaldom,
daa dei klene laake Kongarne av den
oldenborgske Ætti styrde Landet etter
sine Lunor, saug ut Mergen or Landet,
forsømde aa hjelpa upp Landsens Næ-
ringsvegjer, selde Folket sit til Kanon-
føda i framande Strider og meire slikt.
Me maa vona, at etterkvart, som Minni
fraa Eineveldestidi fær mindre Makt,
vil det falla betre i Ljoset for den
yngre friske Ætti, at det er ei Skam
aa halda paa desse Nomn etter Kongom.
Det er Merkje paa det 1 vaare Dagar,
at den Tidi kjem. Dei hava gjevet
ymise Stader Nomn etter Kongom i
vaare Dagar au, men det gjeng ikkje.
Oskar I minnast me alle som ein god
og snill Konge. Han vilde, at Kahol-
mens Festning skulde kallast Oskars-
borg. Men kven brukar det Namnet
no utanfor den ”departementale” Stil?
Festningen vert nog kallad Kaholmen
som fyrr. Likeins er det med Karl-
Johansvern istadenfor Horten. Dei
segja nog Hortens Verv utanfor det,
som kjem fraa Regjeringi. Annorleis
er det med dei eldre Nomn etter dei

oldenborgske Kongom. Desse Nomni
era slegne so fast inn, at Folk maa
vakna rett upp til Sjølvkjensla, fyrr
dei kann faa deim burt.

Det laakaste av alle desse Nomni
er Namnet paa Norigs Hovudstad,
Kristiania. Korleis ein skodar dette
Nomnet, so tek det seg =vesalt
ut. Det er langt og slæpande. Det
heve ein so framand, unorsk Klang,
som det væl er mogelegt. Difyr heve
det altid voret umbrøytt av Aalmogen,
som kallar Byen Kristian, likeins som
dei i Danmark hava umbrøytt Frede-
ricia til Frederis: Vaar lærde Pro-
fessor Munch kallar Namnet halv-
barisk; eg meiner han kunde talat
reint ut og kallat det heilt barbarisk.
Hadde det voret Kristiana, so kunde
dei sagt, at det var eit latinsk Tillægs-
Ord med eit tenkt Hovudord til, som
det latinske Urbs (Stad) eller nokot,
som liknar det. Men slik Ordlagning
som Kristiania av Mannsnamnet Kri-
stian, det heve alle Tider kallast Bar-
barismer elder Vanskapnader. Det er
soleis mange Uting ved dette Stads-
namnet. Men enno hava me ikkje um-
talat det verste og skamlegaste, og
det er Upphavet til Namnet. Er ikkje
Namnet etter den store, ovgilde Kon-
gen Kristian IV? Og er so ikkje det
godt nog? spyrr du væl. Lat os sjaa
paa det! Det meste av gamle Staden
Oslo, som var grundad av den gamle
Kongen Harald Hardraade (ved 1050),
var øydelagt ved en Skadeld. Borg-
ararne 1 Oslo gav inn eit Bønskrift
til Kongen Kristian IV um Hjelp til
aa byggja uppatt Huse sine. Nei, so
menn, dei fingo ingi Hjelp; men dei
fingo det, som var endaa verre; dei
fingo eit mykje unaadigt Brev, at dei
fekk skunda seg med aa byggja upp
at Staden sjølve, men ikkje paa sine
gamle Tufter, — det vart forbodet
deim under stor Straff — men paa
andre Sida av Akerselvi i Akershagen,
”der hyor vi have anlagt den nye
Stad og kaldt den naadigst efter vort
høje Navn Christiania,” lyder det i
Kongebrevet. Soleis kunde Kongarne
gjera det i dei Dagom. Det, dei peikte
paa, det maatte verta gjort. Soleis er
Namnet Kristiania eit. av dei styggaste
Trælemerki, .som me endaa hava i
Landet. Ja, men det Namnet minner
oss daa um ein gild Konge, vil dei
segja. Var han slik ovgild Konge
Kristian IV? Han heve væl altid vo-
ret halden for det, so lengje Einvel-
desmagti laag som ei Mara yver
alt, ogso yver den historiske Viten-
skapen, og ingjen fekk Lov til aa
skriva elder prenta nokot annat enn
Lovord um dei framfarne Kongarne,
kor mykje vondt dei kunde hava gjort.
Men det gjeng annorleis til i vaare
Dagar. Folket fær Lov til aa skriva
og prenta det, som er sant, naar det
ikkje gjeng for nær deim, som enno
liva og sitja inne med Magti. Og so
grava dei fram alle gamle Brev og
andre Skrifter, og so kjem det upp
mykje stygt og laakt um fleire av
dei gamle Kongarne, og daa sjaa me,
at Kristian IV ikkje var stort likare
enn dei andre.
Lukka, at ban styrde lengje; han vart
Konge alt som Barn under gode For-

Men han hadde den|

myndarar, og naar ein skal Armodi
rosa, so var han væl betre Konge enn
mange av dei andre av sama Ætti
baade fyrr og seinare. Men me hava
hans Faakunna og hans Ovundskap

jmot Sverik aa takka for, at Norig

miste Jamtland og Herjedalen. Men
var det ikkje gagnlegare, at Staden
Kristiania vart lagd paa den flate
Vestsida aat Elvi, enn der burti Oslo?
Kann henda, det var betre. Men
hadde Borgararne i Oslo fengjet Lov
til aa stella seg sjølve, og Byen hadde
vakset, so vilde den væl hava funnet
Vegen yver Elvi like mykjet. Det
trengst ikkje Kongebod til slikti vaare
Dagar. Men ingjen skal segja, at
Kristiania voks seg stor under Fin-
veldet. Den vart grundad 1624, og
mest 200 Aar etter (i 1814) hadde
den væl paa Lag 10000 Menne.: Men
sidan i vaar Fridoms Tid heve den
fengjet yver 10 Gonger so mange Folk.
— Men um me klandra Kristian IV
for, at han ikkje helt meir fast paa
vaar gamle Stad Oslo, men vilde øyde-
leggja den reint i Grunn og setja
Kristiania — etter sit eigjet Namn —
i Staden, lat os sjaa etter, um ikkje
Hugen er den same i vaare Dagar
paa høgre Stader. Me minnast, kor-
leis det nyleg heve gjenget til. I
Oslo var det att Bispegarden og Ho-
spitalet med den gamle vesle Kyrkja.
Men Staden — Kristiania — voks i
vaare Dagar so, at Forstaden Grønland
grodde saman med Oslo. Det vart
lagat til ei Sokn av Grønland og Oslo,
som skulde heita Grønlands Sokn.
Daa Professoren Munch kom heim-
atter fraa Rom og fekk vita det, spurde
han strakst: Vilja dei øydeleggja Oslo

no? Men no er daa endeleg Byen

voksen so stor, at det ogso er ei Oslo

Sokn. Men verst var det, at dei hava hal-
det paa aa øydeleggja dei siste gamle
Leivningarne av Oslo i vaare Dagar
og med det dei siste Merkje her i
Hovudstaden etter den gamle Tidi. I
andre Land, som Sverik og Danmark,
halda dei i stor Vyrdnad sine gamle
Bygnader. Men so hava dei ikkje gjort
ber i Norigs Hovudstad. I Bispen
Arups Tid var det Tala um aa selja

gamle Bispegarden i Oslo og byggja

upp ein ny i ”Homansbyen.” Men
Folk, som setja Pris paa dei faae Leiv-
ningarne me hava fraa vaar gamle
Stortid, dei lagde fram Meiningarne
sine i Bladom, og Saki vart gjevi upp
daa. Men so døydde ei Gong gamle
Arup. —Essendrop var daa Kyrkje-
statsraad, men vilde verta Bisp etter
Arup. Men bu uti den gamle Bispe-
garden i Oslo imillom Skiparar og
andre Smaafolk, det totte han væl
ikkje um. Og fyrr han vart Bisp,
fekk han so Kongen til aa paabjoda,
at gamle Bispegarden i Oslo skulde
verta seld. So litet meta dei her
vaare Fornminne. Det er grøteleg,
at vaare Statsraader kann hava so
litet Fedrelandshug og so mykje Faa-
kunna. Men til all Lukka lagde
Storthinget ség imillom her. Det
fannst Menn der, som skynad Tingen
betre enn Kongens Raadgjevarar. Dei
fann, at det vilde voret Skam aa øyde-
leggja det, som so lengje heve stadet
til eit Minne um Forfederne vaare.

EN

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free