- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
54

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

I Sønderjylland 5 1

Ja, det gjør mig virkelig ondt for Dem,» sa biskop Müller
i ein samtale med Kold.

-Aa — svara Kold — eg kann truska som fedrarne mine
hev gjort. Men — enn um eg kann koma til aa halda skule
like vel — utan embætte?»

»Ja dersom De kunde det, saa var det det aller bedste, »
sa bispen.

Men i »kongeriket» Danmark kunde han ikkje koma til
med nokon fri barneskule; lovi var paa tverke. Her hadde
dei Balle-boki alle stader, og ho skulde lærast paa rams.

So søkte han seg ned til Slesvig, til »hertugdømet» —
som ikkje hadde Balle i barneskulen.

Provsten i Aabenraa skulde daa eksaminera han.

Han var i mange maatar ein skikkeleg mann — segjer
Kold — men i mangt var han og som han ikkje skulde. Han
spurde meg fyrst um eg var ein hernhut. Men der greidde
eg meg godt; for religionskunnskaparne mine var i den beste
orden, etter hans smak. So prøvde han meg i bibelen, og
der og greidde eg meg. Se tenkte eg: Du skal sjaa du fær
romet du bed um. Men so spurde han meg kva eg no meinte
aa læra borni. Og til det laut eg svara: Eg vil fortelja
Dan-marks-soga aat deim og lesa Ingemann aat deim; det er noko
dei kann hava godt av.»

Men daa var hundrad og eit ute.

Det gjeng ikkje — sa han — me hev ingen folkeaand

her.»

»Jau — svara Kold — det hev dei visst. Dei hev daa i
alle fall eit hjarta. Og naar me tek til aa slaa paa det, so
skal det koma.»

»Nei — segjer provsten — det maa me ikkje læra her;
me er ikkje danske. Gudbevares!»

»Daa vart det so vondt aat meg — segjer Kold — at eg
kunde ikkje halda taarorne attende, og eg sa:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free